Songen Band on the Run
Band on the Run Singel av Paul McCartney and Wings frå albumet Band on the Run | ||
B-side |
«Nineteen Hundred and Eighty-Five» (USA) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. april 1974 (USA) 28. juni 1974 (Storbritannia) | |
Innspelt | September 1973 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 5:09 | |
Selskap | Apple | |
Komponist | Linda McCartney, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | Paul McCartney, Linda McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney, Linda McCartney | |
Produsent | Paul McCartney | |
Paul McCartney and Wings-kronologi | ||
«Jet» (1974) |
Band on the Run | «Junior's Farm» (1974)
|
«Band on the Run» er ein song av Paul McCartney and Wings frå 1973 på albumet Band on the Run. Songen kom ut på singel i 1974 etter suksessen med «Jet», og vart ein internasjonal suksess. Songen toppa singellista i USA og nådde tredjeplassen i Storbritannia.[1][2] Singelen selde over ein million eksemplar i Amerika i 1974.[1] Han har sidan blitt ein av dei mest kjende songane til bandet.
Songen er ein medley av tre forskjellige komposisjonar som varierer i stil frå folkrock til funk og er ein av dei lengste singlane til McCartney med ei lengd på over fem minuttar. Songen var delvis inspirert av ein kommentar George Harrison hadde kome med i eit møte hos plateselskapet til The Beatles, Apple. Songen handlar om fridom og flukt, og songen vart skriven samstundes med at Harrison, John Lennon og Ringo Starr kvitta seg med manageren Allen Klein i mars 1973 og tilhøvet til McCartney betra seg. Den originale demoen for denne og andre spor på Band on the Run vart stolen kort tid etter Wings kom til Lagos i Nigeria for å byrje innspelinga av albumet. Bandet var no redusert til ein trio med McCartney, kona Linda og Denny Laine, og dei spelte inn «Band on the Run» i EMI sitt studio i Lagos og fullført i AIR Studios i London.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Paul McCartney – solo- og korvokal, elektrisk gitar, 12-strengs akustisk gitar, bassgitar, trommer
- Linda McCartney – korvokal, klaverinstrument
- Denny Laine – korvokal, elektrisk gitar, slidegitar
- Tony Visconti – orkestrering
- Geoff Emerick – plateprodusent og lydteknikar
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Tidlegare Wings-medlem Denny Laine spelte «Band on the Run» i 1996 på albumet hans Wings at the Sound of Denny Laine.[15]
- Ein versjon av Owsley kom ut i 2001 på hyllestalbumet Listen to What the Man Said.
- Ein versjon frå 2007 av Foo Fighters vart gjeve ut på Radio 1 Established 1967.
- Den 1. juni 2008 fekk McCartney med seg Foo Fighters-frontmannen Dave Grohl på scenen i Liverpool, der dei spelte denne songen.[16]
- Ein versjon av Heart kom ut i 2014 på hyllestalbumet The Art of McCartney.
- Ein versjon av Widespread Panic vart spelt på ein konsert 29. oktober 2000.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Band on the Run (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Badman, Keith (2009). The Beatles: Off The Record 2 - The Dream is Over: Off the Record. Omnibus Press.
- Doyle, Tom (2014). Man on the Run: Paul McCartney in the 1970s. Ballantine Books. ISBN 978-0804179140.
- Gambaccini, Paul (1976). Paul McCartney: In His Own Words. Music Sales Corp. ISBN 978-0966264951.
- Harper, Simon (2010). «The Making Of Paul McCartney». Clash Music. Henta 14. mars 2015.
- Jackson, A.G. (2012). Still the Greatest: The Essential Solo Beatles Songs. Scarecrow Press. ISBN 9780810882225.
- McGee, Garry (2003). Band on the Run: A History of Paul McCartney and Wings. Taylor Trade Publishing.
- Perasi (2013). Paul McCartney: Recording Sessions (1969-2013). L.I.L.Y. Publishing. ISBN 978-88-909122-1-4.
- Rodriguez, Robert (2010). Fab Four FAQ 2.0: The Beatles' Solo Years, 1970-1980. Backbeat Books. ISBN 0879309687.
- Spizer, Bruce (2005). The Beatles Solo on Apple Records. 498 Productions. ISBN 0-9662649-5-9.
- Wiener, Allen J. (1994). The Beatles: The Ultimate Recording Guide. Bob Adams Press.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Paul McCartney Charts and Awards». allmusic. Henta 19. mai 2018.
- ↑ 2,0 2,1 «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 19. mai 2018.
- ↑ «Belgian Chart». ultratip.be/nl. Henta 19. mai 2018.
- ↑ «Canadian Chart». www.collectionscanada.gc.ca. Henta 19. mai 2018.
- ↑ «charts.de». GfK Entertainment. Henta 19. mai 2018.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Band on the Run". Irish Singles Chart. Retrieved 15. november 2017.
- ↑ «Japanese Chart». nifty.com. Arkivert frå originalen 23. mars 2012. Henta 19. mai 2018.
- ↑ «Dutchcharts.nl Paul McCartney discography». Hung Medien. MegaCharts. Henta 19. mai 2018.
- ↑ «flavour of new zealand - search listener». Flavourofnz.co.nz. Henta 19. mai 2018.
- ↑ http://www.rock.co.za/files/sa_charts_1969_1989_songs_(A-B).html
- ↑ «The Top 200 Singles of '74». RPM. 28. desember 1974. Henta 19. mai 2018.
- ↑ «Jaaroverzichten – Single 1974» (på nederlandsk). Single Top 100. Hung Medien. Henta 19. mai 2018.
- ↑ «Top Selling Singles for 1974». Music Week (London, England: Spotlight Publications): 20. 4. januar 1975.
- ↑ «Billboard Top 100 - 1974». Arkivert frå originalen 25. november 2010. Henta 19. mai 2018.
- ↑ «Performs the Hits of Wings». Allmusic. Henta 28. desember 2011.
- ↑ «Paul McCartney watched by Yoko Ono in Liverpool as Dave Grohl helps out». New Musical Express. Arkivert frå originalen den 119. mai 2018. Henta 21. mars 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Songar frå 1973
- Singlar frå 1974
- Apple Records-singlar
- Songar på toppen av Billboard-lista
- Nummer-ein-singlar i New Zealand
- Paul McCartney-songar
- Nummer-ein-singlar i Canada
- Songar produserte av Paul McCartney
- Songar skrivne av Linda McCartney
- Songar skrivne av Paul McCartney
- Wings-songar
- Foo Fighters-songar
- Heart-songar
- Richie Havens-songar