Hopp til innhald

Sonja av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sonja

FøddSonja Haraldsen
1937-07-044. juli 1937
Oslo i Noreg
TittelDronning av Noreg
Alle titlarKronprinsesse av Noreg (1968-1991)
Dronning av Noreg
Fullt namnSonja
Hus eller slektHuset Glücksburg (Norge)
LandNoreg
MorDagny Haraldsen
FarKarl August Haraldsen
EktefelleHarald V av Noreg
BarnMärtha Louise av Noreg, Haakon Magnus av Noreg

Sonja (fødd Sonja Haraldsen4. juli 1937) er dronning av Noreg og gift med kong Harald V av Noreg.

Sonja blei fødd i Oslo som Sonja Haraldsen, dotter til Dagny (18981994) og Karl August Haraldsen (18891959). Ho vart gift med kronprins Harald av Noreg 29. august 1968, og vart då kronprinsesse Sonja.

Sonja Haraldsen voks opp på Vinderen i Oslo og tok realskule-eksamen i 1954. Ho utdanna seg i kjole- og draktsaum ved Oslo yrkesskule. Deretter reiste ho til Sveits og tok eksamen ved l'Ecole Professionelle de jeunes Filles i Lausanne. Undervisinga omfatta òg samfunnsfag, rekneskap og moteteikning. Seinare tok dronninga artium som privatist. Etter å ha avlagt eksamen i faga fransk, engelsk og kunsthistorie ved Universitetet i Oslo fekk ho tittelen cand. mag.

Sonja Haraldsen møtte kronprins Harald fyrste gong i 1959. Ni år seinare vart det klart at ho fekk gifta seg med sin utvalde. I mars 1968 kom meldinga om at kong Olav hadde gjeve løyve til at kronprinsen fekk gifta seg borgarleg. Trulovinga gav støyten til eit ordskifte om monarkiet si framtid i Noreg. Motstanden mot at kronprinsen gifta seg borgarleg var langt mindre enn mange hadde frykta. Kronprinsesse Sonja vart frå fyrste stund godteke av folket som medlem av det norske kongehuset. Den 29. august 1968 stod bryllupet i Oslo Domkyrkje. I høve med vigsla vart kronprinsessa òg tildelt Storkrossen av St. Olavs Orden.

Då kong Olav V døydde den 17. januar 1991, overtok kronprins Harald som konge. Sonja vart då den fyrste dronninga i Noreg på 53 år. Etter at dronning Maud av Noreg døydde i 1938 hadde det ikkje vore ei norsk dronning. Dronning Sonja var med kong Harald då han avla eid til forfatninga i Stortinget 21. januar 1991. For fyrste gong på 69 år var ei dronning til stades i Stortingssalen. Seinare har dronninga vore med når kongen har lese Trontala under den høgtidelege opninga av Stortinget. Etter eige ynskje vart kongeparet signa i Nidarosdomen i Trondheim 23. juni 1991.

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Som dei andre medlemmane av den norske kongefamilien er dronning Sonja fadder for ei rekkje organisasjonar. I 1982 blei kronprinsessa tildelt Nansenprisen, og i 1984 fekk ho Peer Gynt-prisen. I 2003 vann Dronning Sonja Petter Dass-medaljen «for å med stoltheit ha vist fram Nord-Noreg». I 2005 vart ho tildelt Holmenkollmedaljen for innsats for Holmenkollen og skiidrett.

Sonja er den første dronninga nokonsinne som har vitja Antarktis. Dette skjedde i 2005, då ho opna ein norsk forskingsstasjon i Dronning Mauds Land.

Born:

Prinsesse Märtha Louise fødd 1971
H.K.H. Kronprins Haakon, fødd 1973
Sonja av Noreg

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sonja av Noreg