Spansk Florida
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Florida (fleirtyding).
La Florida Spansk Florida | ||||
Spansk koloni | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Kart frå 1810 over Aust- og Vest-Florida, territoria som danna Spansk Florida. | ||||
Hovudstad | St. Augustine | |||
Språk | spansk | |||
Religion | Romersk-katolsk | |||
Styreform | Monarki | |||
Historie | ||||
- Kolonisering | 1565 | |||
- Paristraktaten | 1763 | |||
- Versaillestraktaten | 1783 | |||
- Pinckney-avtalen | 1795 | |||
- Adams-Onís-avtalen | 1819 |
Spansk Florida (spansk La Florida) er namnet på den spanske kolonien Florida, ein provins i Ny-Spania. Opphavleg strekte området seg over det som i dag er Søraust-USA, men hadde ingen klårt definerte grenser. La Florida var ein mindre del av Det spanske imperiet. Mange ekspedisjonar vart sende til områda bortanfor Spansk Florida på 1500-talet, men Spania klarte aldri å få skikkeleg kontroll over la Florida utanfor eit område som i dag er det søraustlege Georgia og det nordlege Florida, samt eit par hamnebyar på nordkysten av Mexicogolfen.
Etter sjuårskrigen i 1763, måtte Spania gje frå seg Florida til Storbritannia og britane heldt område fram til 1783, då det kom attende til Spania. I denne perioden tok dei imot mange immigrantar. I 1821 selde Spania Florida til USA.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Spanish Florida» frå Wikipedia på engelsk, den 2. januar 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Spansk Florida: utviklinga frå 1513 til 1763 Arkivert 2009-04-09 ved Wayback Machine.Denne historieartikkelen som har med USA og Spania å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.