Speyerbach
Utsjånad
Speyerbach | |||
elv | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 596 km² | ||
Lengd | 60 km | ||
Kjelde | Pfälzer Wald | ||
• høgd | 460 moh. | ||
Munning | Rhinen | ||
• høgd | 92 moh. | ||
Speyerbach 49°20′59″N 7°52′13″E / 49.349638888889°N 7.8702777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Speyerbach |
Speyerbach er ei elv i Rheinland-Pfalz i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå venstre med ei lengd på 60 km. Ho har sitt utspring ved Elmstein i Pfälzer Wald og renn gjennom byane Neustadt an der Weinstraße og Lambrecht. Elva munnar ut i Rhinen ved Speyer.
Speyerbach har eit nedslagsfelt på 596 km² og vassføringa ligg vanlegvis mellom 1 og 5 m³/s, men stundom kan store nedbørsmengder føre til mykje høgare vassføring. Det høgaste som er målt er 19,5 m³/s i 1978.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Speyerbach» frå Wikipedia på tysk, den 11. juni 2007.