Hopp til innhald

Stefano Landi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stefano Landi

Fødd26. februar 1587
FødestadRoma
Død28. oktober 1639 (52 år)
DødsstadRoma
Sjangeropera
Instrumentorgel
Verka somkomponist, lærar, songar, organist

Stefano Landi (døypt 26. februar 1587, 28. oktober 1639) var ein italiensk songar, kapellmeister og komponist frå tidlegbarokken.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Stefano Landi var fødd i Roma. I 1595, då han var åtte år, blei han teken opp som gutesopran ved Collegium Germanicum i Roma. Den italienske komponisten Asprilio Pacelli kan ha vore ein av lærarane. Landi byrja å studera ved Seminario Romano i 1602. I annalane til seminaret frå 1607 blir han nemnd som komponist av ein karnevalspastorale, og i 1611-utgåva er han oppført som organist og songar. Allereie i 1614 hadde han blitt maestro di cappella ved S Maria della Consolazione. Agostino Agazzari var kapellmeister ved Seminario Romano, og kan også ha vore ein av lærarane til Landi.

I 1618 hadde Landi flytta til Nord-Italia, og i Venezia gav han ut ei bok med femstemmige madrigalar. Han hadde openbert fått ein post som kapellmeister i Padova, og her skreiv han den fyrste operaen sin, La morte d'Orfeo, truleg til ein bryllaupsfest. Erfaringane frå Padova og Venezia blei avgjerande for utviklinga av stilen til Landi, frå då av stod han i nær kontakt med komponistar i den venetianske skulen som stod for ein framtidsretta musikkstil som det meir konservative musikkmiljøet i Roma heldt seg unna.

Landi vende tilbake til Roma i 1620 og blei der resten av livet. Dei viktigaste arbeidsgjevarane i byen gjennom siste del av 1620- og i 1630-åra var familien Borghese, kardinal Maurizio av Savoie og familien Barberini. I 1629 gjekk han inn i koret til paven med halv løn.

På oppdrag frå Barberini-familien skreiv Landi den mest kjende operaen sin, Sant'Alessio, i i 1632. Gjennom heile perioden var han ein svært produktiv komponist med messer, ariar og responsorium, stort sett i seconda prattica-stilen til tidlegbarokken. Konservative komponistar i Roma mislikte dette, og fann prima praticca-stilen til Palestrina meir passande til kyrkjemusikken.

Helsa til Landi forverra seg etter 1636, og han døydde i Roma i 1639 Han er gravlagd ved Santa Maria in Vallicella.

Musikk og påverknad

[endre | endre wikiteksten]

Noko uvanleg er den verdslege musikken til Landi meir konservativ enn kyrkjemusikken, og den fyrste madrigalboka hans for fem stemmer og generalbass er stilistisk nesten identisk med mange samlingar frå seint 1500-tal, bortsett frå generalbass-delen. Av annan verdsleg musikk skreiv han strofiske ariar og andre songar med generalbassakkompagnement.

Dei to bevarte messene etter Landi er haldne i den enkle 1500-tals-stilen som motreformasjonen oppmuntra til (og nokre gonger forlangde). I nokre av motettane, i magnificatet og vespersalmane bruker han stilen til den venetianske skulen, truleg takka vera åra han budde i Nord-Italia.

Det aller best kjende verket hans, og ein av dei viktigaste operaene frå tidleg barokktid, er Il Sant'Alessio, ei framstilling av livet til 400-talshelgengen Alexis. Ikkje berre er dette den fyrste operaen skrive over eit historisk tema, men innlevinga i skildringa av sjellivet til helgenen og forsøka på ein psykologisk karakteristikk var nye innan operasjangeren.[a] Innimellom scenene er det sett inn komiske og anakronistiske intermezzi henta frå det samtidige Roma.

Rolla til Sant'Alessios ligg i eit svært høgt toneleie og er skrive for ein kastratsongar. Ved uroppføringa var halvparten av songarane frå det pavelege koret, og fleire sopranroller blei sungne av andre castrati. Orkesteret er moderne; dei gamle gambane er erstatta med fiolinar, celloar, harper, luttar, teorber og cembalo. Operaen blir innleidd av canzone som fungerer som ouverturar, dei fyrste i sitt slag i operahistoria. Dansar og komiske avdelingar blir avløyste av alvorlege ariar, resitativ, og til og med ein madrigalaktig lament. Inntrykket er eit svært effektivt dramatisk mangfald, noko som blir stadfesta av hyppige oppsetningar i samtida. Sant'Alessio var eit av dei fyrste sceniske verka som lykkast i å blanda monodiske og polyfone stiltrekk.

  • La mora d'Orfeo, opera uroppført i Padova 1619
  • Il Sant' Alessio, 1631, libretto av Giulio Rospigliosi, opera uroppført 18. februar 1632 i Palazzo Barberini i Roma
  1. Dei aller fyrste operaene tok for seg mytiske tema frå antikken.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Margaret Murata: «Stefano Landi», Grove Music Online ed. L. Macy (Accessed January 9, 2005), Grove Music OnlineArkivert 16. mai 2008 på Wayback Machine. Wayback Machine.
  • Manfred Bukofzer, Music in the Baroque Era. New York, W.W. Norton & Co., 1947. ISBN 0-393-09745-5
  • The New Grove Dictionary of Music and Musicians, red. Stanley Sadie. 20 vol. London, Macmillan Publishers Ltd., 1980. ISBN 1-56159-174-2
  • Donald Jay Grout, A Short History of Opera. New York, Columbia University Press, 1965. ISBN 0-231-02422-3
  • F. Kennedy, The Musical Tradition at the Roman Seminary During the First Sixty Years (1564–1621), i Bellarmino e la Controriforma, Atti del simposio internazionale di studi, Sora 15-18 oktober 1986, ss. 629-660