Stephen McManus
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 10. september 1982 | ||
Fødestad | Lanark | ||
Høgd | 188 cm | ||
Posisjon | Midtstoppar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Middlesbrough | ||
Nummer | 6 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1997-2003 | Celtic | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2003-10 2010 2010- |
Celtic Middlesbrough (lån) Middlesbrough |
150 (17) 16 (1) 1 (0) | |
Landslag | |||
2006- | Skottland | 23 (2) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 13. juli 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 3. september 2010 |
Stephen McManus (fødd 10. september 1982 i Lanark i South Lanarkshire) er ein skotsk fotballspelar, som spelar for Middlesbrough på nest høgste nivå i engelsk fotball, og for det skotske fotballandslaget.
McManus starta fotballkarrieren sin i Glasgow-klubben Celtic, der han ligadebuterte i 2004. Han vart seriemeister i Skottland med Celtic i 2006, 2007 og 2008, og cupmeister i 2005 og 2007. Frå sommaren 2007 var han Celtic sin klubbkaptein. I 2009/10-sesongen mista McManus den faste plassen sin på laget til Celtic. Han var på lån hjå Middlesbrough i England i vårsesongen 2010, og sommaren 2010 vart overgangen til Middlesbrough permanent, for ein overgangssum på 1,5 millionar pund.
McManus debuterte for Skottland sitt A-landslag 11. oktober 2006 i ein kamp borte mot Ukraina, og skåra det første landslagsmålet sitt 8. september 2007 i ein EM-kvalifiseringskamp heime mot Litauen. Han var kaptein for landslaget første gong 26. mars 2008 i ein privatlandskamp heime mot Kroatia.