Hopp til innhald

Stian Blipp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stian Blipp

Fødd30. januar 1990 (34 år)
FødestadBergen
FødenamnStian Glopholm Johannessen
AliasStian Blipp
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somprogramleiar, rappar, radioprogramleiar, komikar, podkastvert, e-sportutøvar
PrisarGullrutens publikumspris

Stian Blipp Glopholm (fødd Stian Glopholm30. januar 1990 i Bergen) er ein norsk hiphopar, beatboxar og programleiar.

Stian vart kalla «Blipp» av venane sine på grunn av måten han beatboxa på, og tok seinare Blipp som etternamn.[1] Blipp vart fyrst kjend då han deltok i finalen under den fyrste sesongen av Norske Talenter i 2008 saman med breakdancegruppa Absence Crew. Dei deltok under namnet Absence & Blipp. Han har sida leia radioprogrammet Verdens rikeste landNRK P3. I 2012 vart Blipp tilsett i TV 2 som programleiar for den femte sesongen av Norske Talenter. I 2013 var han den fyrste som leia den norske versjonen av Idol åleine.[2] Frå 2018 til 2021 var han programleiar i Senkveld saman med Helene Olafsen.[3]

  1. «Derfor heter han Blipp» (på norsk). Se og Hør. Henta 22. mars 2013. 
  2. «Stian Blipp blir «Idol»-programleder» (på norsk). Verdens Gang. Henta 22. mars 2013. 
  3. «Stian Blipp slutter i «Senkveld»» (på norsk). Verdens Gang. Henta 8. desember 2022. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]