Thea Bjelde
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 5. juni 2000 | ||
Fødestad | Sogndal kommune | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Vålerenga | ||
Nummer | 18 | ||
Ungdomsklubbar | |||
Sogndal | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
2015 | Sogndal | ||
2016 | Kaupanger | 11 | (9) |
2017–2021 | Arna-Bjørnar | 62 | (2) |
2021– | Vålerenga | 28 | (3) |
Landslag | |||
2015 | Noreg J15 | 4 | (4) |
2016 | Noreg J16 | 12 | (2) |
2017 | Noreg J17 | 11 | (0) |
2017–2020 | Noreg J19 | 21 | (1) |
2021– | Noreg U23 | 4 | (0) |
2022– | Noreg | 1 | (0) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. november 2022 ‡ Landslagsmål oppdatert 8. november 2022 |
Thea Bjelde (fødd 5. juni 2000) er ein norsk fotballspelar som spelar for Vålerenga.
Klubbkarriere
[endre | endre wikiteksten]Tidleg karriere
[endre | endre wikiteksten]Bjelde byrja karrieren i Sogndal, der ho blant anna gjorde seg merka som einaste jente på G14-laget på Norway Cup i 2014.[1] Vårsesongen 2016 spela ho for Kaupanger i 2. divisjon.
Arna-Bjørnar (2016–2021)
[endre | endre wikiteksten]Som 16-åring vart Bjelde henta til Arna-Bjørnar i Toppserien. I 2018 kom gjennombrotet då Bjelde hadde ein fantastisk sesong, og var ei viktig brikke i laget som tok bronse i Toppserien.[2] Ho vart kåra til årets spelar i Arna-Bjørnar, og nominert til årets gjennombrot i Toppserien.[3][4]
Tidleg i 2019 pådrog ho seg ein krossbandskade som sette ho ut av spel frå fotballen i eitt år.[5] Etter å ha komme tilbake frå skaden slo ho sterkt tilbake året etter, og vart løna med å bli teke ut på A-landslaget for fyrste gang.[6] Ho vart også kåra til årets spelar i Arna-Bjørnar i 2020.[7] Som 21-åring vart ho utnemnd til kaptein i Arna-Bjørnar.[8]
Vålerenga (2021–)
[endre | endre wikiteksten]18. juli 2021 vart det kjent at Bjelde hadde signert for Vålerenga.[9] Med Vålerenga var ho med å vinne cupmeisterskapen i sin fyrste sesong, og ho vart kåra til banens beste i cupfinalen mot Sandviken.[10]
Landslagskarriere
[endre | endre wikiteksten]Bjelde har landskampar for J15, J16, J17, J19, U23 og A-landslaget til Noreg.[11]
Bjelde vart teken ut på det norske A-landslaget for fyrste gong i oktober 2020.[6]
Etter eit forfall i den norske troppen, vart Bjelde innkalla til laget som skulle til EM i England 2022.[12]
Bjelde debuterte for A-landslaget den 7. oktober 2022, i ein privatlandskamp mot Brasil på Ullevaal Stadion.[11][13]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Her herjer Thea (14) med gutta i Norway Cup». www.dagbladet.no (på norsk). Henta 9. februar 2022.
- ↑ Lio_Sid, Norske Fotballkvinner (15. februar 2021). «Fotballvirtuosen fra Sogndal: Thea Bjelde(20)». Norske Fotballkvinner (på norsk bokmål). Henta 26. juni 2022.
- ↑ Øren, Keth (10. september 2020). «Slo tilbake etter kneskade - no får Thea stipend». Sogn Avis (på norsk). Henta 26. juni 2022.
- ↑ «Disse talentene kan bli kåret til «årets gjennombrudd»». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 26. juni 2022.
- ↑ Christensen, Stine (5. mai 2019). «(+) Nye skader hos Arna-Bjørnar: – Fryktelig!». Bergensavisen (på norsk). Henta 9. februar 2022.
- ↑ 6,0 6,1 Johnsen, Jonas (12. oktober 2020). «(+) Tatt ut på landslaget: – Skjønte ingenting da jeg ble bombardert med meldinger!». Bergensavisen (på norsk). Henta 9. februar 2022.
- ↑ «Arna Bjørnar Toppfotball - Thea Bjelde mottok i dag prisen for Arna-Bjørnars beste spiller i 2020 sesongen 🎉 Thea er kjent som en ekte kriger og spilte alle obligatoriske kamper i 2020. Etter sin korsbåndskade i 2019 kom hun tilbake på banen og gjorde en kjempeinnsats som ble kronet med uttak til A-landslaget og årets spiller i AB. For et `comeback` - GRATULERER | Facebook». www.facebook.com (på norsk bokmål). Henta 26. juni 2022.
- ↑ Tørre, Michael (20. juni 2021). «Fra skademareritt til kaptein. Nå har Thea (21) et klart mål: - Skal jobbe beintøft». Nettavisen (på norsk). Henta 9. februar 2022.
- ↑ Dalsegg, Jens August (18. juli 2021). «Thea Bjelde har signert!». Vålerenga Damefotball (på norsk bokmål). Henta 9. februar 2022.
- ↑ Fotballforbund, Norges. «Vålerenga er cupmester: - Det er fantastisk». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 26. juni 2022.
- ↑ 11,0 11,1 Fotballforbund, Norges. «Thea Bjelde - Profil». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 29. juli 2022.
- ↑ NTB, Av. «Ny VIF-spiller in i EM-troppen». Dagsavisen (på norsk). Henta 29. juli 2022.
- ↑ Sander, Christian Grieg (7. oktober 2022). «Riise-smell i pinlig tap mot Brasil – Norge ydmyket». NRK (på norsk bokmål). Henta 8. oktober 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Thea Bjelde» frå Wikipedia på bokmål, den 8. november 2022.