Hopp til innhald

Thorhild Widvey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thorhild Widvey

Thorhild Widvey
Foto: Stiftelsen Tinius
Fødd9. januar 1956 (68 år)
Avaldsnes
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande, idrettsleder
Utdanna vedHandelshøyskolen BI
Idrætshøjskolen Aarhus
VervNorsk kulturminister 16. oktober 2013–16. desember 2015
FøregangarHadia Tajik
EtterfylgjarLinda Hofstad Helleland
VervNorsk olje- og energiminister 18. juni 2004–17. oktober 2005
FøregangarEinar Steensnæs
EtterfylgjarOdd Roger Enoksen
VervStatssekretær i Utanriksdepartementet 31. januar 2003–18. juni 2004
VervStatssekretær i Fiskeridepartementet 18. juni 2002–31. januar 2003
VervStortingsrepresentant 1. oktober 1989–30. september 1997
Alle verv

Thorhild Widvey (fødd 9. januar 1956) er ein norsk politikar for Høgre. Ho var kulturminister i regjeringa Solberg frå 16. oktober 2013 til 16. desember 2015 og statsråd for Olje- og energidepartementet i Bondevik II-regjeringa frå 18. juni 2004 til 17. oktober 2005.

Widvery er busett i Oslo. Ho budde lenge i Karmøy kommune i Rogaland fylke.

Utdanning, yrke og verv

[endre | endre wikiteksten]

Etter vidaregåande skule studerte Thorhild Widvey eitt år ved Idrætshøjskolen i Århus. Ho har tidlegare vore stortingsrepresentant for Rogaland fylke (1987–97) og var vararepresentant stortingsperioden før dette. I tillegg har ho vore statssekretær i både Fiskeridepartementet (juni 2002–januar 2003) og Utanriksdepartementet (januar 2003). Ho har òg sete i Karmøy kommunestyre og har delteke i politikken på fylkeskommunalt plan.