Tine Sundtoft
Utsjånad
Tine Sundtoft | |||
| |||
Fødd | 19. april 1967 (57 år) Lillesand | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Handelshøyskolen BI | ||
Far | Kristian Sundtoft | ||
Verv | Norsk klima- og miljøminister 16. oktober 2013–16. desember 2015 | ||
Føregangar | Bård Vegar Solhjell | ||
Etterfylgjar | Vidar Helgesen | ||
Alle verv |
Kristine «Tine» Sundtoft (fødd 19. april 1967 i Lillesand) er ein norsk politikar (H). Frå 16. oktober 2013 til 16. desember 2015 var ho klima- og miljøvernminister i regjeringa Solberg.[1][2]
Sundtoft er utdanna siviløkonom frå Handelshøyskolen BI fra 1990. Ho var regiondirektør i NHO i Agder 1995–2005 og fylkesrådmann i Vest-Agder fylkeskommune frå hausten 2005.[3]
Ho var generalsekretær i Unge Høgre 1990–1992, politisk rådgjevar for stortingsgruppa til Høgre, medlem av Lillesand kommunestyre, gruppeleiar for Høgre i Aust-Agder fylkesting og 2. vararepresentant til Stortinget frå Aust-Agder 1989–1993. I 1993 tapte ho kampen om formannsvervet i Aust-Agder Høgre mot sin far, Kristian Sundtoft.
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Agderrådets likestillingspris 2009.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Erna Solbergs regjering utnevnt, pressemelding, Statsministerens kontor, 16. oktober 2013.
- ↑ «Sundtoft, Tine (1967-)». Stortinget.no. Henta 3. juni 2017.
- ↑ Torkelsen, Jan H. (27. oktober 2005). «Tine Sundtoft - Vest-Agders første kvinnelige fylkesrådmann». Vest-Agder fylkeskommune. Arkivert frå originalen 9. juli 2007. Henta 24. oktober 2013.
- ↑ Torkelsen, Jan H. (13. mars 2009). «Agderrådets likestillingspris tildelt Tine Sundtoft». Vest-Agder fylkeskommune. Arkivert frå originalen 7. februar 2009. Henta 24. oktober 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Tine Sundtoft» frå Wikipedia på bokmål, den 24. oktober 2013.