Torbay
Utsjånad
Torbay er ei austvendt bukt og ei naturleg hamn, heilt vest i Lyme Bay sørvest i England, om lag halvvegs mellom byane Exeter og Plymouth. Her ligg byane Torquay, Paignton og Brixham, og han er ein del av det seremonielle grevskapet Devon og vart ei sameint styresmakt i 1998. Reiselivsnæringa i området kallar bukta «Den engelske rivieraen» på grunn av strendene og det milde klimaet her.
Sigletevlingane i dei olympiske sommarleikane 1948 vart avvikla ved Torbay.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Torbay» frå Wikipedia på engelsk, den 22. januar 2012.