Trafikkskilt
Utsjånad
Trafikkskilt er fysiske markeringar som skal rettleie trafikantar og ellers varsle om spesielle farar, forbod eller påbod. Trafikkskilt kan gjelda alle som ferdast i trafikken. Dersom trafikanten bryt dei restriksjonar eit trafikkskilt markerer kan det føre til bot og tap av førarkort, eller i verste fall fengselsstraff.
Dei fleste skilt er som regel kvadratiske, rektangulære, sirkulære eller trekanta. Fargane på skiltet er varierande, men fargar som til dømes raud, gul og blå går ofte igjen i dei ulike skiltgruppene.
Skiltgrupper
[endre | endre wikiteksten]For at me lettare skal kjenne igjen og forstå betydninga av forskjellige skilt, er dei delte inn i 9 forskjellige skiltgrupper:
- Fareskilt
- Vikeplikt og forkjørsskilt
- Forbodsskilt
- Påbodsskilt
- Opplysningsskilt
- Serviceskilt
- Vegvisingsskilt
- Underskilt
- Markeringsskilt