Hopp til innhald

UEFA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
UEFA

Skipa15. juni 1954
HovudkontorNyon
LeiarAleksander Čeferin
VerkeområdeEuropa
Medlemmer55
MottoWe care about football
Nettstadhttps://www.uefa.com Sjå dette på Wikidata
Kart over medlemslanda.

Union of European Football Associations (UEFA, fransk Union des associations européennes de football) er det europeiske fotballforbundet som vart skipa 15. juni 1954 i Basel i Sveits. Forbundet er mest kjend under forkortinga UEFA. EUFA er sjølv medlem av FIFA, det internasjonale fotballforbundet. I 2016 vart Aleksander Čeferin vald til ny president i UEFA etter Michel Platini.[1]

Medlemsland

[endre | endre wikiteksten]

UEFA har 53 medlemmer, og av desse har 46 eit aktivt kvinnelandslag. Samtlege lag innanfor den geografiske definisjonen av Europa er medlemmer, med unntak av Monaco, Storbritannia og Vatikanstaten. Til gjengjeld har England, Wales, Skottland, Nord-Irland og Færøyane eigne landslag, på tross av at dei ikkje er sjølvstendige nasjonar.

I tillegg er asiatiske land som Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Israel, Kasakhstan og Kypros medlemmer, og både Russland og Tyrkia, som er geografisk delt til både Europa og Asia, høyrer til UEFA. For Israel var det nødvendig å flytte ettersom dei fleste motstandarane deira i Asia ikkje anerkjende dei, og dermed ikkje ville spele mot dei (mellom 1974 og 1994 spelte Israel i Oseania). Kypros sin geografiske situasjon lét dei velje mellom Europa, Asia og Afrika, og dei valde Europa. Kasakhstan gjekk frå Asia til Europa etter semje med UEFA.

Turneringar

[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonen arrangerer no følgjande fotballturneringar:

  • EM: Europameisterskap for landslag, som vert halde kvart fjerde år, kor det seinaste var i 2008 i Austerrike/Sveits og det neste er i 2012 i Polen/Ukraina.
  • EM U/21: Europameisterskap for U/21-landslag, som vert halde annakvart år, kor det seinaste var i 2009 i Sverige og det neste er i 2011 i Danmark.
  • UEFA Champions League: Den mest prestisjefylte klubbturneringa i verda. Fungerer også som ei form for uoffisielt europameisterskap for klubblag. Vinnaren av turneringa kvalifiserer seg til FIFA Club World Cup.
  • UEFA Europa League: Ei samanslutning av UEFA sine to tidlegare turneringar UEFA Cup og Intertoto Cup.

Organisasjonen har tidlegare arrangert følgjande fotballturneringar:

  • UEFA Intertoto Cup: Ei annleis sommarturnering for klubblag, med tre vinnarar, som får tilgang til UEFA Cup. Avløyste International Football Cup. Turneringa vart spelt for siste gong i 2008.
  • UEFA Cup: Ei turnering for dei «nest-beste» laga i dei nasjonale forbunda, samt for pokalvinnaren. Vart spelt for siste gong i 2008-09-sesongen. Vart bytta ut med UEFA Europa League.
  • UEFA Pokalvinnarane sin Europa Cup: Ei europeisk turnering for pokalvinnarane. Vart spelt for siste gong i 1998.

Medlemsland

[endre | endre wikiteksten]
År Land Nasjonalt fotballforbund
1954  Albania
1954  Austerrike
1954  Belgia
1954  Bulgaria
1954  Danmark
1954  England
1954  Finland
1954  Frankrike Fédération Française de Football
1954  Hellas
1954  Irland
1954  Island
1954  Italia Federazione Italiana Giuoco Calcio
1954  Luxembourg
1954  Nederland Koninklijke Nederlandse Voetbal Bond
1954  Nord-Irland
1954  Noreg Norges Fotballforbund
1954  Polen
1954  Portugal Federação Portuguesa de Futebol
1954  Romania
1954  Russland, tidlegare Sovjetunionen
1954  Serbia, tidlegare Jugoslavia
1954  Skottland
1954  Spania Real Federación Española de Fútbol
1954  Sveits
1954  Sverige Svenska Fotbollförbundet
1954  Tsjekkia, tidlegare Tjekkoslovakia
1954  Tyskland Deutscher Fußball-Bund
1954  Ungarn
1954  Wales
1960  Malta
1962  Republikken Kypros
1962  Tyrkia
1974  Liechtenstein Liechtensteiner Fussballverband
1988  San Marino
1990  Færøyane Fótbóltssamband Føroya
1992  Armenia
1992  Estland Eesti Jalgpalli Liit
1992  Georgia
1992  Latvia
1992  Litauen
1992  Ukraina
1993  Kroatia
1993  Belarus
1993  Moldova
1993  Slovakia
1994  Aserbajdsjan
1994  Israel
1994  Slovenia
1996  Andorra Federació Andorrana de Fútbol
1996  Bosnia-Hercegovina
2002  Kasakhstan
2007  Montenegro

Presidentar i UEFA

[endre | endre wikiteksten]
Nr. Namn Periode
1. Flagget til Danmark Ebbe Schwartz 1954–1962
2. Flagget til Sveits Gustav Wiederkehr 1954–1972
3. Flagget til Italia Artemio Franchi 1972–1983
4. Flagget til Frankrike Jacques Georges 1983–1990
5. Flagget til Sverige Lennart Johansson 1990–2007
6. Flagget til Frankrike Michel Platini 2007–2016
7. Flagget til Slovenia Aleksander Čeferin 2016–
Referansar
  1. «UEFA President: Aleksander Čeferin» (på engelsk). UEFA. Henta 10. oktober 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: UEFA