Hopp til innhald

UFO Club

Koordinatar: 51°31′06″N 0°07′55″W / 51.518354°N 0.132073°W / 51.518354; -0.132073
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

51°31′06″N 0°07′55″W / 51.518354°N 0.132073°W / 51.518354; -0.132073

UFO Club

Kart
UFO Club
51°31′06″N 0°07′55″W / 51.518354°N 0.132073°W / 51.518354; -0.132073

UFO Club var ein kjend, men kortvarig undergrunnsklubb i London i 1960-åra, der mange kjende band på den tida spelte.

UFO Club vart starta av John Hopkins (vanlegvis kalla «Hoppy») og Joe Boyd i eit irsk danselokale kalla «Blarney Club», i kjellaren på 31 Tottenham Court Road, under Berkeley Cinema og ovanfor Dominion Theatre. Han opna 23. desember 1966. Først vart klubben kunngjort som «UFO Presents Night Tripper». Dette kom av at Boyd og Hopkins ikkje kunne bestemme seg for om dei skulle kalle han «UFO» eller «Night Tripper».[1] Eventually they settled on "UFO".

Den opphavlege avtalen med Blarney Club var at dei skulle nytte klubben dei siste to fredagane i desember. Boyd og Hopkins hadde starta klubben fordi dei trong pengar og var usikre på kor mykje publikum dei kunne få. Men som Boyd seinare skreiv, «frikar kom ut av treverket frå heile byen og me gjekk med overskot.»[1].

Pink Floyd vart booka for dei første to fredagane og igjen då klubben heldt fram utover i 1967 etter at dei hadde fått suksess. Dei første konsertane blanda musikk med lysshow, avantgard-filmar, lysbileteshow og danseshow.

Perioden til Pink Floyd på UFO var kort. Etter kvart som dei vart meir kjende kunne dei spele på større konsertstader for høgare honorar. Boyd hevda at det stigande ryet deira kom av suksessen til UFO, men leiarskapen til bandet ønskte å gå vidare og det vart gjort ein avtale for tre ytterlegare konsertar for høgare honorar.

Hopkins og Boyd byrja å sjå seg om etter eit nytt «husband» for UFO. Dei valde Soft Machine, men starta òg å hyre andre band som var tiltrekte av ryktet til klubben. Av desse fann ein The Incredible String Band, Arthur Brown, Tomorrow og Procol Harum, som spelte der då «A Whiter Shade of Pale» låg på førsteplassen i listene.

Ein reklame med Flammarion-gravering i februarutgåva av The International Times for «UfOria! Festival of Love 10.30 till dawn» [sic] annonserte «feb.10 — the bonzo dog doodah band • flix–dalibunuel • ginger johnson african drums» samt «feb 17 — soft machinemark boyle projections • movies • food • erogenius 3 + 4».

Hapshash and the Coloured Coat, som bestod av Michael English og Nigel Waymouth, designa psykedeliske plakatar for å annonsere hendingane.

Suksessen til UFO Club vart undergangen deira — han var for liten til å ta imot dei mange som ønskte å kome inn. Slutten kom i juni 1967 då Hopkins vart fengsla for narkotikakriminalitet. Presset frå politiet mot klubben auka dei neste vekene, og vertane trekte tilbake leigeavtalen. Klubben flytta så til The Roundhouse for eit par månader, men trass i at bygningen var forfallen, var leiga overdriven. Om ein stor artist som Jeff Beck spelte, gjekk UFO i null, men klubben tapte som regel pengar. I oktober vart UFO Club i the Roundhouse lagt ned.

UFO Club-hendingar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 Boyd, Joe, White Bicycles - Making Music in the 1960s, Serpent's Tail, 2006. ISBN 1-85242-910-0

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Boyd, Joe, White Bicycles - Making Music in the 1960s, Serpent's Tail. 2007. ISBN 978-1-85242-489-3
  • Miles, Barry: In the Sixties. (London 2002)
  • Green, Jonathon: Days in the Life: Voices from the English Underground, 1961-71 (London 1998)