Ugarittisk
Ugarittisk | ||
Klassifisering: | afroasiatisk semittisk Sentralsemittisk Nordvestsemittisk | |
Bruk | ||
Utdøydd: | 1100-talet f.Kr. | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2: | uga |
Ugarittisk er eit utdøytt språk som høyrer til dei semittiske språka. Språket er kjent frå tekster som er funne i oldtidas Ugarit. Ugarittisk vart skrive med ugarittisk skrift.
Ugarittisk er eit nordvestleg semittisk språk, oppdaga av franske arkeologar i 1928, og er berre kjend i form av dei skriftene som er funne i oldtidsbyen Ugarit som låg på det som i dag er Ras Shamra i Syria.[1] Desse tekstene har vorte nytta av forskarar av Det gamle testamentet for å klargjera bibelske hebraiske tekstar og har avsløra korleis den israelittiske kulturen hadde parallellar i den samtidige nabokulturen. Ugarittisk har vorte karakterisert som «den største litterære oppdaginga frå oldtida sidan tydninga av egyptiske hieroglyfar og mesopotamisk kileskrift.»[2]
Tekstmateriale
[endre | endre wikiteksten]Ugarittisk har vorte dokumentert i tekster frå 1300- og til 1100-talet f.Kr.[3] Byen Ugarit vart øydelagd ein gong mellom 1180 og 1170 f.Kr.
Dei litterære tekstene som vart oppdaga i Ugarit er blant anna Legenda om Keret, Aqhateposet (eller Legenda om Danil), Myten om Baal-Aliyan, og Baals død — dei to sistnemnde er òg kollektivt kjent som Baal-syklusen — alle avslørar aspekt av ein kanaanittisk religion.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta måndag 3. desember 2012, klokka 08:37.
- Referansar
- ↑ Greenstein, Edward L. (2010): «Texts from Ugarit Solve Biblical Puzzles», BAR 36:06, Nov./Des. 2010, ss. 48-53, 70. Òg publisert på nettstaden til Biblical Archaeology Review[daud lenkje]
- ↑ Gordon, Cyrus Herzl (1965): The Ancient Near East. W. W. Norton & Company Press. ISBN 0-393-00275-6. s. 99
- ↑ Quartz Hill School of Theology: Ugarit and the Bible