Uvarovitt
Utsjånad
Uvarovitt | |||
Uvarovitt-druse frå Uralfjella i Russland (storleik: 18.3 x 13.1 x 2.0 cm) | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Nesosilikat | ||
Kjemisk formel | Ca3Cr2Si3O12 | ||
Strunz-klassifisering | 09.AD.25 | ||
Krystallsymmetri | Isometrisk heksoktahedral H-M-symbol (4/m32/m) Romgruppe: I a3d | ||
Einingscelle | a = 11.99 Å; Z=8 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | grøn, smaragdgrøn, grøn-svart | ||
Krystallform | Idiomorf krystallar, korna, massive | ||
Krystallsystem | Kubisk | ||
Brot | Ujamn, muslig | ||
Mohs hardleiksskala | 6.5-7.5 | ||
Glans | glasaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig, gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 3.77 - 3.81 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Isotrop | ||
Brytingsindeks | n = 1.865 | ||
Andre eigenskapar | Fluorescerande raud i både kort- og langbølgja UV | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Uvarovitt eller kromgranat, ein kromhaldig granat med smaragdgrøn farge og kjemisk samansetjing Ca3Cr2Si3O12. Uvarovitt dannar kjemiske blandingsrekkjer med dei andre ugranditt-granatane som grossular og andraditt.
Det vart oppdaga i 1832 av Germain Henri Hess som kalla det opp etter grev Sergej Semenovitsj Uvarov (1765–1855), ein russisk minister og amatørmineralsamlar.[1]
Det er mellom anna kjent frå kromførekomstar ved Outokumpu i Finland og frå Ural i Russland. I Noreg finst det som eit sjeldan mineral frå Feragen på Røros og Grua på Hadeland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Uvarovitt. (2012, 11. november). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/uvarovitt.