Hopp til innhald

Veldre kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Veldre kyrkje
kyrkje
Veldre kyrkje
Foto: Jan-Tore Egge
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Ringsaker
Sokn Brumunddal/Veldre
Fellesråd Ringsaker
Arkitekt Roar Jacobsen og Ulf Zettersten
Material Limtre
Innvigd 19. mars 2000
Kyrkjegard Ved kyrkja
Altartavle Gunnar Torvund
Orgel Ryde og Berg, 2003
Sitjeplassar 270
Kart
Veldre kyrkje
60°55′02″N 10°53′25″E / 60.91722222°N 10.89027778°E / 60.91722222; 10.89027778
Wikimedia Commons: Veldre kirke

Veldre kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 2000 i Ringsaker kommune, Innlandet. I det ytre har krykja relativt tradisjonell form, sjølv om materialbruk og rominndeling er meir moderne. Sjølve kyrkjesalen er som ei langkyrkje.

Det har vore kyrkje i Veldre sidan mellomalderen, og den førre kyrkja brann i 1996. Dermed forsvann òg den eine av berre to altertavlar laga av Anders Olsen Sæther og ein preikestol av Lars Pinnerud.

Tuftene frå gamlekyrkja er synlege på kyrkjegarden.

Tidlegare kyrkje

[endre | endre wikiteksten]

Før den noverande kyrkja hadde Veldre ei lafta krosskyrkje frå 1726. Denne hadde ei altertavle skoren i 1790 av Anders Olsen Sæther (og ei skoren i 1694 av Johannes Skraastad), i tillegg til preikestol (1737), døypefont (1728) og korskilje (1728) laga av Lars Pinnerud.[1] Kyrkje og inventar brann opp den 26. september 1996.[2] Ein mistenkte at brannen kom av feil ved det elektriske anlegget.[3]

  1. Sjå Enemo (1995), s. 51ff, om inventaret.
  2. Bilde av brannen
  3. Hego.no Arkivert 10. desember 2004 på Wayback Machine..
Bibliografi

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]