Hopp til innhald

Whiskey in the Jar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Whiskey in the Jar
Singel av The Dubliners
frå albumet More of the Hard Stuff
Språk engelsk
Utgjeve 1968
Sjanger Irsk folkemusikk
Lengd 6:02
Selskap Major Minor
Låtskrivar(ar) Trad. arr. The Dubliners
Produsent Tommy Scott

«Whiskey in the Jar» (Roud 533) er ei irsk folkevise sett til dei sørlege fjella i Irland, ofte med spesifikk omtale av fylka Cork og Kerry. Songen, som handlar om ein «rapparee» (landevegsrøvar) som blir forrådd av kona eller elskarinna si, er ein av dei mest framførte tradisjonelle irske songane og har vorte tonesett av ei rekkje artistar sidan 1950-åra.

Songen fekk først brei eksponering då det irske folkebandet The Dubliners framførte han internasjonalt som ein signatursong, og spelte han inn på tre album i 1960-åra. I USA vart songen popularisert av The Highwaymen, som spelte han inn i 1962 på albumet Encore.[1] Det irske rockebandet Thin Lizzy toppa dei irske og britiske hitlistene med songen i 1973. I 1990 spelte The Dubliners inn songen på nytt saman med The Pogues med ein raskare rocka versjon som nådde 63. plassen i Storbritannia. Det amerikanske metalbandet Metallica spelte i 1998 ein versjon som var svært lik Thin Lizzy sin, men med eit tyngre lydbilete, og vann ein Grammy for songen i 2000 for beste hardrocksong. I 2019 framførte den kanadiske songar-låtskrivaren Bryan Adams ein versjon av songen på albumet sitt Shine a Light.

«Whiskey in the Jar» er historia om ein landevegsrøvar eller «footpad» som, etter å ha rana ein militær eller regjeringstenestemann, blir forrådd av ei kvinne; om ho er kona hans eller kjærast er ikkje klart. Ulike versjonar av songen finn stad i Kerry, Kilmoganny, Cork, Sligo og andre stader i Irland. Det er òg nokre gonger plassert i det amerikanske sør, på ulike stader blant Ozarks eller Appalachane, kanskje på grunn av irsk busetjing på desse stadene. Namna i songen blir endra, og tenestemannen kan vera ein kaptein eller ein oberst, kalla Farrell eller Pepper mellom anna. Kona eller kjærasten til hovudpersonen blir nokre gonger kalla Molly, Jenny, Emzy eller Ginny blant ulike andre namn. Detaljane i forræderiet er òg ulike, anten han forråder han til personen han rana og erstattar ammunisjonen hans med sand eller vatn, eller ikkje, noko som resulterer i at han drep personen.

Det eksakte opphavet til songen er ukjend. Fleire av linjene og den generelle handlinga liknar på den samtidige skillingsvisa «Patrick Fleming» (òg kalla «Patrick Flemmen he was a Valiant Soldier») om den irske landevegsrøvaren Patrick Fleming, som vart avretta i 1650.[2][3]

I boka The Folk Songs of North America indikerer folkemusikkhistorikaren Alan Lomax at songen oppstod på 1600-talet, og (basert på likskapar i handlinga) at John Gay sin The Beggar's Opera frå 1728 vart inspirert av at Gay høyrde ein irsk balladesongar syngja «Whiskey in the Jar». Når det gjeld historia til songen, seier Lomax: «Folk i Storbritannia på 1600-talet likte og beundra dei lokale landevegsrøvarane sine, og i Irland (eller Skottland) der landevegsrøvarar rana engelske godseigarar, vart dei sett på som nasjonale patriotar. Slike kjensler inspirerte til denne balladen.»[4]

På eit tidspunkt kom songen til USA og var ein favoritt i Amerika i kolonitida på grunn av den respektlause haldninga si til britiske embetsmenn. Dei amerikanske versjonane er nokre gonger lagt til Amerika og handlar om amerikanske karakterar. Ein slik versjon, frå Massachusetts, handlar om Alan McCollister, ein irsk-amerikansk soldat som blir dømd til døden ved henging for å ha rana britiske embetsmenn.[4]

Songen dukka opp i ei form nær den moderne versjonen i ein forløpar kalla «The Sporting Hero, or, Whiskey in the Bar» på eit skillingstrykk frå midten av 1850-talet.[5][6]

Sangsamleren Colm Ó Lochlainn skildra i boka si Irish Street Ballads,[7] korleis mor hans lærte «Whiskey in the Jar» i Limerick i 1870 av ein mann kalla Buckley som kom frå Cork. Då Ó Lochlainn inkluderte songen i Irish Street Ballads, skreiv han ned teksten etter minnet slik han hadde lært han av mor si. Han kalla songen «There's Whiskey in the Jar», og teksten er praktisk talt identisk med den versjonen som vart brukt av irske band på 1960-talet, som The Dubliners. Ó Lochlainn-versjonen refererer til «far fam'd Kerry mountain» i staden for Cork og Kerry-fjella, slik det står i nokre versjonar.

Songen finst òg under tittelen «There's Whiskey in the Jar» i Joyce-samlinga,[8] men som berre inneheld melodilinja utan tekst. Versjonar av songen vart samla inn på 1920-talet i Nord-Irland av songsamlaren Sam Henry.[9] Songen er Roud Folk Song Index nr. 533.[10]

Variasjonar

[endre | endre wikiteksten]
Whiskey in the Jar
Singel av Thin Lizzy
frå albumet Vagabonds of the Western World (nyutgjeving 1991)
B-side

Black Boys on the Corner

Språk engelsk
Utgjeve 3. november 1972
Innspelt 23–25. september 1972[11]
Studio Decca 4[12]
Sjanger Rock[13]
Lengd 5:45
Selskap Decca
Låtskrivar(ar) Trad. arr. Eric Bell, Brian Downey, Phil Lynott
Produsent Nick Tauber, Derek Varnals
Thin Lizzy-kronologi 
«The Farmer»
(1970)
Whiskey in the Jar «Randolph's Tango»
(1973)


Whiskey in the Jar
Singel av The Pogues og The Dubliners
A-side

Jack's Heroes

Språk engelsk
Utgjeve 1990
Sjanger Irsk folkemusikk
Låtskrivar(ar) Tradisjonell
Whiskey in the Jar
Singel av Metallica
frå albumet Garage Inc.
Språk engelsk
Utgjeve 1. februar 1999[14]
Sjanger
Lengd 5:05
Selskap
Låtskrivar(ar) Tradisjonell
Produsent
Metallica-kronologi 
«Turn the Page»
(1998)
Whiskey in the Jar «Die, Die My Darling»
(1999)


«Whiskey in the Jar» er sungen med mange variantar på stader og namn, inkludert ein versjon av Jerry Garcia frå Grateful Dead med mandolinisten David Grisman. Ein versjon er av The Dubliners, som ofte blir sungen i irsk tradisjonell musikk rundt om i verda. Ein rockeversjon er sungen av Thin Lizzy og ein heavy metal-versjon inspirert av Thin Lizzy si utgåve av songen, vart spelt inn av Metallica.

Det finst òg ein song om irske troppar i den amerikanske borgarkrigen som heiter «We'll Fight for Uncle Sam», som blir sunge på same melodi som «Whiskey in the Jar».

Feltopptak

[endre | endre wikiteksten]

«Whiskey in the Jar» is sung with many variants on locations and names, including a version by Jerry Garcia of the Grateful Dead with mandolinist David Grisman; a version by The Dubliners (which is often sung in Irish traditional music sessions around the world); a rock version sung by Thin Lizzy; and a heavy metal version (inspired by Thin Lizzy's performance av songen) by Metallica.

There is also a song about Irish troops in the American Civil War called «We'll Fight for Uncle Sam», which is sung in the same tune of «Whiskey in the Jar».

Innspelingar

[endre | endre wikiteksten]

Songen har òg vorte spelt inn av songarar og folkgrupper som Roger Whittaker, The Irish Rovers, Seven Nations, Off Kilter, King Creosote, Brobdingnagian Bards, Charlie Zahm og Christy Moore.

Liam Clancy spelte inn songen med son sin og nevø på Clancy, O'Connell & Clancy i 1997, og Tommy Makem spelte han inn på The Song Tradition i 1998. The High Kings, med sonen til Bobby Clancy, Finbarr, gav ut ein versjon i februar 2011.

Thin Lizzy sin singel frå 1972 (bonusspor på Vagabonds of the Western World [1991-utgåva]) heldt seg på toppen av dei irske hitlistene i 17 veker, og den britiske utgivinga heldt seg på topp 30 i 12 veker, med ein topp på sjetteplass i 1973.[19] Denne versjonen har sidan vorte spelt av U2, Pulp (først gitt ut på eit samlealbum Childline frå 1996)[20] og seinare luksusutgåve av Different Class i 2006), Smokie, Metallica (Garage Inc. Garage Inc. 1998, som vann ein Grammy), Belle and Sebastian (The Blues Are Still Blue EP 2006), Gary Moore (2006), Nicky Moore (Top Musician Play Thin Lizzy 2008), Simple Minds (Searching for the Lost Boys 2009), og den israelske musikaren Izhar Ashdot. Songen er òg på Grateful Dead si live-samling So Many Roads plate fem.

bluegrass-scena spelte Jerry Garcia og David Grisman inn ein versjon til albumet Shady Grove. Han har òg vorte framført av bluegrassbandet Scarecrows og det nederlandske bandet Blue Grass Boogiemen.[21]

Det islandske folkebandet Þrjú á palli (Tre på podiet) spelte han inn i 1971 som «Lífið er lotterí (Livet er eit lotteri)» med tekst av Jónas Árnason. Lillebjørn Nilsen gjendikta han til norsk, som «Svikefulle Mari», i 1971 på albumet Tilbake.[22] Det finske bandet Eläkeläiset (The Retired) spelte inn ein humppa-versjon som tittelspor på albumet Humppamaratooni (Hoppemaraton) frå 1997. I 2007 laga Lars Lilholt Band ein dansk versjon, «Gi (Gi)' mig whiskey i krukken», til albumet Smukkere med tiden.[23] Det estiske bandet Poisikõsõ spelte inn Hans'a Õuhkaga på albumet Tii Päält Iist i 2007.

I 1966 spelte Yarkon Bridge Trio, ei israelsk songgruppe, inn ein song ved namn «Siman Sheata Tsair» («Det er eit teikn på at du er ung») til melodien til «Whiskey in the Jar»;[24] Songen vart ein hit og vart seinare covra av ymse artistar, mellom anna av Gidi Gov.[25]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Thin Lizzy-versjonen

[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1972–1973) Plassering
Australia (Kent Music Report)[26] 40
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[27] 27
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[28] 35
Irland (IRMA)[29] 1
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[30] 20
Nederland (Mega Single Top 100)[31] 15
UK Singles (Official Charts Company)[32] 6
Vest-Tyskland (Offisiell tysk singelliste)[33] 7

Årslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1973) Plassering
Vest-Tyskland (offisielle tyske lister)[34] 18

The Dubliners- og Pogues-versjonen

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1990) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[35] 63

Metallica-versjonen

[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1999–2008) Plassering
Australia (ARIA)[36] 14
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[37] 30
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[38] 48
5
Europe (Eurochart Hot 100)[39] 40
Finland (Suomen virallinen lista)[40] 16
Tyskland (Media Control AG)[41] 23
Greece (IFPI)[42] 7
Hungary (Mahasz)[43] 3
Irland (IRMA)[29] 17
Nederland (Mega Single Top 100)[44] 47
New Zealand (RIANZ)[45] 41
Noreg (VG-lista)[46] 4
Skottland (Official Charts Company)[47] 22
Sverige (Sverigetopplistan)[48] 15
Sveits (Schweizer Hitparade)[49] 55
UK Singles (Official Charts Company)[50] 29
UK Rock & Metal (OCC)[51] 1
US Bubbling Under Hot 100 Singles (Billboard)[52] 24
US Mainstream Rock (Billboard)[53] 4

Årslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1999) Plassering
Canada Rock/Alternative (RPM)[54] 30
Tyskland (offisielle tyske lister)[55] 97
Sweden (Sverigetopplistan)[56] 71

Salstrofé

[endre | endre wikiteksten]

The Dubliners- og Pogues-versjonen

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[57] Sølv 200 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Metallica-versjonen

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
Danmark (IFPI Danmark)[58] Gull 5 000^
Noreg(IFPI Noreg)[59] Gull  
Sverige (GLF)[60] Gull 15 000x
Storbritannia (BPI)[61] Sølv 200 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

  1. «The Highwaymen* - Encore (Vinyl, LP, Album)». Discogs.com. Henta 22. april 2023. 
  2. «More Scarce Songs». 15. september 2003. Patrick Flemming. Arkivert frå originalen 24. november 2005. 
  3. Patrick Flemming, The Complete Newgate Calendar Vol. I, Law in Popular Culture collection, Tarlton Law Library, University of Texas at Austin Arkivert 22. mars 2008 ved Wayback Machine.
  4. 4,0 4,1 The Folk Songs of North America: In the English Language, Alan Lomax, Peggy Seeger, Mátyás Seiber, Don Banks, Doubleday, 1960 Google Books Henta 22. april 2023
  5. «Bodleian Library Broadside Ballads». Bodley24.bodley.ox.ac.uk. Henta 22. april 2023. 
  6. «Ballads Catalogue: Firth c.17(314)». Bodley24.bodley.ox.ac.uk. Henta 22. april 2023. 
  7. Irish Street Ballads, Colm O Lochlainn, Pan 1978, s. 220
  8. Joyce, Patrick Weston, Old Irish Folk Music and Songs: a Collection of 842 Irish Airs and Songs Hitherto Unpublished, Cooper Square Publishers, New York, 1965. Opphavleg gitt ut i 1909.
  9. Songs of the People redigert av Gale Huntington, Lani Herrman med bidrag frå John Moulden. 1990 (University of Georgia Press) ISBN 0-8203-1258-4
  10. «Whiskey in the Jar». Vaughan Williams Memorial Library. 
  11. Whiskey in the Jar. Alan Byrne. 20. september 2015. s. 43. ISBN 9780992948085. Henta 1. januar 2023. «On the Sunday sessions (September 24th), Derek Varnals was assisted by Alan Leeming rather than Dave Baker and again those sessions ran over and weren't finished up until around 4:30am on the morning of September 25th.» 
  12. «Whiskey in the Jar». Google books. Alan Byrne. s. 42. Henta 1. januar 2023. «On Saturday, September 23rd 1972 the band made their first at Decca's new Tollington Park studio.» 
  13. Eduardo Rivadavia. «Allmusic review». AllMusic. Henta 28. desember 2022. «After achieving a reluctant Top Ten hit with a rock version of the traditional Irish pub ballad «Whiskey in the Jar,» Thin Lizzy began work on Vagabonds of the Western World -- their third, and ultimately last album for Decca Records.» 
  14. «New Releases: Singles» (PDF). Music Week: 27. 30. januar 1999. Henta 22. april 2023. 
  15. «Gilgarrah Mountain (Roud 533) (Fragment) - Lena Bourne Fish». YouTube. Arkivert frå originalen 12. desember 2021. Henta 22. april 2023. 
  16. «There's Whiskey in the Jar (Roud 533) - Seamus Ennis». YouTube. Arkivert frå originalen 12. desember 2021. Henta 22. april 2023. 
  17. «Whiskey in the Jar (Roud 533) - Mary Byrnes». YouTube. Arkivert frå originalen 12. desember 2021. Henta 22. april 2023. 
  18. «Whiskey in the Jar (Roud 533) - Sarah Ogan Gunning». YouTube. Arkivert frå originalen 12. desember 2021. Henta 22. april 2023. 
  19. Mark Putterford (2002). Phil Lynott: The Rocker. Omnibus. s. 68. ISBN 978-0-7119-9104-0. 
  20. «Various - Childline (Today's Top Artists Unite For Charity)». Discogs. com. Henta 22. april 2023. 
  21. Arkivert 2. juni 2021 ved Wayback Machine.[daud lenkje]
  22. «MusikkOnline : Latest». 2. juni 2013. Arkivert frå originalen 2. juni 2013. Henta 22. april 2023. 
  23. «Lars Lilholt Band». 25. juni 2004. Arkivert frå originalen 25. juni 2004. Henta 22. april 2023. 
  24. «Special Broadcasting». Reshet Gimel. IBA/Google Translate. 28. april 2011. Henta 22. april 2023. 
  25. Gidi Gov – Siman Sheata Tsa'irYouTube (NMC's official channel).
  26. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  27. "Ultratop.be – Thin Lizzy – Whiskey in the Jar" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  28. "Ultratop.be – Thin Lizzy – Whiskey in the Jar" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  29. 29,0 29,1 "The Irish Charts – Search Results – Whiskey in the Jar". Irish Singles Chart.
  30. "Nederlandse Top 40 – week 15, 1973" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40.
  31. "Dutchcharts.nl – Thin Lizzy – Whiskey in the Jar" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  32. "Chart Stats – Metallica – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats.
  33. "Offiziellecharts.de – Thin Lizzy – Whiskey in the Jar". GfK Entertainment Charts. Henta 22. april 2023. For å sjå plasseringa, klikk "TITEL VON Thin Lizzy"
  34. «Top 100 Singles–Jahrescharts 1973» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 22. april 2023. 
  35. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  36. "Australian-charts.com – Metallica – Whiskey in the Jar". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  37. "Metallica – Whiskey in the Jar – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  38. "Ultratop.be – Metallica – Whiskey in the Jar" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  39. «Eurochart Hot 100 Singles» (PDF). Music & Media 16 (10): 10. 6. mars 1999. Henta 22. april 2023. 
  40. "Finnishcharts.com – Metallica – Whiskey in the Jar". Suomen virallinen lista. Hung Medien.
  41. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  42. «Top National Sellers» (PDF). Music & Media 16 (12): 10. 20. mars 1999. Henta 22. april 2023. 
  43. «Top National Sellers» (PDF). Music & Media 16 (10): 12. 6. mars 1999. Henta 22. april 2023. 
  44. "Dutchcharts.nl – Metallica – Whiskey in the Jar" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  45. "Charts.org.nz – Metallica – Whiskey in the Jar". Top 40 Singles. Hung Medien.
  46. "Norwegiancharts.com – Metallica – Whiskey in the Jar". VG-lista. Hung Medien.
  47. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company.
  48. "Swedishcharts.com – Metallica – Whiskey in the Jar". Topp 60. Hung Medien.
  49. "Metallica – Whiskey in the Jar – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  50. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  51. "Official Rock & Metal Singles Chart Top 40". Official Charts Company. Retrieved 22. april 2023.
  52. "Metallica Chart History (Bubbling Under Hot 100)". Billboard. Retrieved 20. november 2021.
  53. "Metallica Chart History (Mainstream Rock)". Billboard. Retrieved 20. november 2021.
  54. «RPM 1999 Top 50 Rock Tracks». RPM (Library and Archives Canada). Henta 22. april 2023. 
  55. «Top 100 Singles–Jahrescharts 1999» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 22. april 2023. 
  56. «Årslista Singlar, 1999» (på svensk). Sverigetopplistan. Henta 22. april 2023. 
  57. «British single salstrofé – Dubliners – Whiskey in the Jar». British Phonographic Industry.  Enter Whiskey in the Jar in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  58. «Danish single salstrofé». IFPI Denmark. Henta 30. november 2021. 
  59. «Norwegian single salstrofé» (på norsk). IFPI Norway. 
  60. «Guld- och Platinacertifikat − År 1999» (PDF) (på svensk). IFPI Sweden. 
  61. «British single salstrofé – Metallica – Whiskey in the Jar». British Phonographic Industry.  Enter Whiskey in the Jar in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]