William Rowan Hamilton
William Rowan Hamilton | |||
| |||
Fødd | 4. august 1805 Dublin | ||
---|---|---|---|
Død | 2. september 1865 Dublin | ||
Nasjonalitet | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Område | matematikk, mekanikk, astronomi, fysikk, matematisk fysikk, optikk, kvaternion | ||
Yrke | matematikar, fysikar, astronom, akademikar, universitetslærar, teoretisk fysikar | ||
Alma mater | Trinity College Westminster School University of Dublin | ||
Ektefelle | Helen Maria Bayly | ||
Barn | William Edwin Hamilton | ||
Medlem | Royal Society National Academy of Sciences Vitskapsakademiet i St. Petersburg American Academy of Arts and Sciences Royal Irish Academy Det prøyssiske vitskapsakademiet Accademia delle Scienze di Torino Det russiske vitskapsakademiet |
Sir William Rowan Hamilton (4. august 1805–2. september 1865) var ein irsk matematikar, fysikar og astronom som laga viktige bidrag til utviklinga innan optikk, dynamikk og algebra.
Hamilton synte seg som eit enorm talent frå særs tidleg alder, som astronom biskop Dr. John Brinkley skreiv i 1823 då Hamilton var atten: «This young man, I do not say will be, but is, the first mathematician of his age.»
Han var direktør for observatoriet i Dublin. Han var særleg flink med språk og kunne 13 språk då han var 13 år gammal. 22 år gammal vart han utnemnd til professor ved universitetet i Dublin. Det første arbeidet hans omhandlar grunnlaget for optikken og mekanikken. Han føresåg den koniske brytinga til lyset i krystallar, eit fenomen som vart funnen kort tid etter. Dei hamiltonske likningane er òg grunnlaget for den moderne kvantemekanikken. Hamilton innleia studiet av dei hyperkomplekse tala ved oppdaginga av såkalla kvaternion, og var òg ein sentral person innanfor grafteorien.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «William Rowan Hamilton» frå Wikipedia på bokmål, den 11. september 2011.
«William_Rowan_Hamilton» i Store norske leksikon, snl.no.