Hopp til innhald

Wye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wye
Afon Gwy
elv
Wye i Hay-on-Wye
Land  Storbritannia
Delar Wales, England
Nedslagsfelt 4 136 km²
Lengd 215 km
Kjelde
 - stad Plynlimon
 •  høgd 690 moh.
 - koordinatar 52°28′5.170″N 3°45′56.282″W / 52.46810278°N 3.76563389°W / 52.46810278; -3.76563389
Munning
 - stad Chepstow, Severn-estauaret
 - koordinatar 51°36′36.086″N 2°39′42.423″W / 51.61002389°N 2.66178417°W / 51.61002389; -2.66178417
Kart
Wye
52°28′09″N 3°45′54″W / 52.469166666667°N 3.765°W / 52.469166666667; -3.765
Wikimedia Commons: River Wye (Severn)

Wye (walisisk Afon Gwy) er den femte lengste elva i Storbritannia og store delar av ho dannar grensa mellom England og Wales. Ho er viktig for naturbevaring og rekreasjon.

Elvas spring ut i dei walisiske fjella ved Plynlimon. Ho renn gjennom fleire byar og landsbyar som Rhayader, Builth Wells, Hay-on-Wye, Hereford (den einaste byen ved Wye), Ross-on-Wye, Symonds Yat, Monmouth og Tintern, og munnar ut i Severn-estuaret like nedanfor Chepstow. Elva har ei lengd på 215 km.[1]

Wye sjølv har status som Site of Special Scientific Interest og er ei av dei viktigaste elvane i Storbritannia for naturbevaring. Mykje av den nedre dalen har status som Area of Outstanding Natural Beauty, særleg vent naturområde.

Av sideelvar til Wye finn ein Lugg og Arrow, Elan, Dulas, Irfon, Marteg, Monnow, Trothy, Ithon, Llynfi, Letton Lake, Tarennig og Bidno.

  1. Rivers and the British Landscape, (2005), Sue Owen et al., Carnegie Publishing, ISBN 978-1-95936-120-7

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]