Yohan Cabaye
Yohan Cabaye | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 14. januar 1986 (38 år) Tourcoing |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 2014, EM i fotball 2012, EM i fotball 2016, Kvalifisering til VM i fotball 2018 (UEFA), gruppe A |
Yohan Cabaye (fødd 14. januar 1986) er ein fransk fotballspelar frå Tourcoing som sidan sommaren 2015 spelar på London-klubben Crystal Palace. Midtbanespelaren Cabaye har sidan 2010 delteke i 44 landskampar på det franske landslaget. Han var med både i fotball-EM 2012 og 2016, samt i VM i fotball 2014.
Cabaye spelte på franske Lille OSC frå 2004 til 2011. Her var han i sin siste sesong med laget med på å vinne både seriemeisterskapen og den nasjonale cupmeisterskapen. Deretter spelte han i tre år på Newcastle United i den engelske toppligaen. Sesongen 2014/15 spelte han på Paris Saint-Germain, og opplved for andre å verte franks serie- og cupmeister i ein og same sesong. I juli 2015 vart han overført til Crystal Palace, ein klubb som i mai 2016 tapte finalen i FA-cupen mot Manchester United, med Cabaye i ei sentral midtbanerolle.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Yohan Cabaye» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mai 2016.