Rikshospitalet er eit sjukehus i Oslo som frå 1. januar 2009 er ein del av Oslo universitetssykehus HF, eit helseføretak som ligg under det regionale helseføretaket Helse Sør-Øst.
Sjukehuset driv med pasientbehandling, rådgiving og dessutan forsking og utdanning av helsepersonell. Det er eit spisskompetansesjukehus på ei rekkje fagområde for Helse Sør-Øst. Sjukehuset har ei rekkje funksjonar for fleire regionar og har også landsfunksjonar. Blant landsfunksjonane til Rikshospitalet er transplantasjon av organ, epilepsikirurgi, beinmergstransplantasjon, blødarkirurgi, komplisert reimplantasjonskirurgi og kjønnsinkongruens.
Sjukehuset har også fleirregionale funksjonar for mellom anna hjartekirurgi for barn og behandling av barn med leppe-kjeve-ganespalte. Innan visse fagområde, til dømes barnesjukdommar, er sjukehuset lokalsjukehus for befolkninga i fleire kommunar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.