Urumqi er ein by i Kina og hovudstad i den autonome regionen Xinjiang, lengst sør i Junggarbassenget ved foten av Tian Shan, 900 meter over havet. Byen har omlag 4 100 000 millionar innbyggjarar (2020).
Økonomien har ekspandert kraftig under reformperioden i 1990-åra med jern- og stålverk, produksjon av jordbruksmaskinar, sement, kjemiske og petrokjemiske produkt, tekstilar, papir- og lærvarer. Både kinesisk og islamsk kultur, og mange moderne høghus, pregar byen. I Urumqi møtest veg- og jernbanesambandet mellom Kina og Sentral-Asia.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.