Faktaboks

Også kjend som
安徽
Uttale
anxwei
Fjellkjeden Huangshan står oppført på UNESCOs verdensarvliste.
.
Lisens: CC BY 2.0

Anhui er ein provins i austlege Kina. Anhui grensar i aust til Jiangsu og Zhejiang, i sør til Jiangxi, i vest til Hubei og Henan og i nord til Shandong. Provinsen har eit areal på 140 100 kvadratkilometer og 63 659 000 innbyggjarar (2019). Hovudstaden er Hefei.

Natur

Topografien er kompleks med elvesletter, bakkelandskap og fjell. Landskapet er prega av mange elvar og innsjøar, og nokre varme kjelder. To store elvar kryssar provinsen fra vest til aust: Huai He i nord og Chang Jiang (Yangtsekiang) i sør.

Huaibeisletta, området nord for Huai He, er ein del av Den nordkinesiske slette (som her er kalla Huanghuai Pingyuan, 'sletta mellom Huangelva og Huaielva') og heller frå 40 moh. i nordvest til 15 moh. i søraust. Vasskilet mellom dei to store elvane (og samtidig det naturlege skiljet mellom Nord- og Sør-Kina) blir danna av Dabie-fjella (høgaste topp: Baimajian 1774 moh.) i vest og Jiang-Huai-høgdene (mellom 100 og 300 moh.) i aust. Chang Jiang dannar Yanjiangsletta (òg kalla Chang Jiang Zhongxiayousletta) om lag 10 moh. med mellom anna Anhuis største innsjø Chao Hu (820 kvadratkilometer. Begge elvebassenga blir av og til ramma av alvorleg flaum.

Sør for Chang Jiang er ein fjellregion som mellom anna omfattar Huang Shan, 'Gule fjell', (med toppar over 1800 moh.), av mange omtalte som Kinas vakraste fjellandskap, og står på UNESCOs liste over verdas kultur- og naturarv. Eit anna fjell i sør er Jiuhuafjellet med Tiantai-toppen, 'Himmelens plattform', som er eitt av dei fire heilage fjella til buddhistane i Kina, og blir drenerte av Huai He. Elvebassenget er utsett for stor flaum, og omfattande flaumsikringstiltak er sette i verk for å hindra større øydeleggingar. Den sørlege delen av provinsen er skild frå den nordlege av ein serie fjellkjedar med retning aust–vest, 1000–1700 moh.

Huang Shan i Anhui-provinsen
Huang Shan 黄山
Huang Shan i Anhui-provinsen
Av .

Befolkning

Den historiske landsbyen Hongcun er eit populært turistmål.
Lisens: CC BY 2.0

Over 99 prosent er han-kinesarar, og mange bur på landsbygda. Anhui er blant dei tettast befolka provinsane i Kina, og særleg er dei nordlege og sentrale områda tett befolka. Den store befolkninga utøver eit alvorleg press på naturressursene med miljøproblemer som resultat. Xidi og Hongcun i det sørlige Anhui er to tradisjonelle ikkje-urbane landsbyar som står på UNESCOs Liste over verdens natur- og kulturarv for sine bevarte sosioøkonomiske strukturar frå føydaltida.

Næringsliv

Stadige flaumar er blant årsakene til at Anhui er blant dei mindre utvikla provinsane i Kina. Ein forholdsvis stor del av befolkninga reiser derfor ut til andre provinsar for å søkja arbeid. Jordbruket er viktigaste næringsveg. Våtris omfattar åleine halvparten av jordbruksproduksjonen, og blir dyrka dei fleste stader sør for Huai He. Nord for Huai He er kveite meir vanleg. Her blir òg dyrka søtpoteter og soyabønner, elles òg mais og durra. Dei økonomiske produkta er raps (hovudsakleg sør for Huai He), te (over heile provinsen), bomull (langs begge dei store elvane), tobakk, silkeormkokongar og jute. Teen i provinsen er kjend for sin fine kvalitet. Det blir òg dyrka pærer, druer, dadlar og granateple. Viktigaste husdyr er storfe og svin. Fjella med skogområde er rike på ei rekkje produkt som blir brukte i kinesisk urtemedisin. Dei mange innsjøane gjer Anhui til ein av Kinas viktigaste sentrum for oppdrett av ferskvassfisk.

På begge sider av Huai He er det rike kôlreservar. Provinsen er også rik på kopar, jernmalm og ulike råstoff for bygningsindustrien. Hovedpillarane i industrien er tekstilproduksjon og bearbeiding av matvarer. Særleg er Bengbu kjent for fødevareindustrien sin. Også produksjon av kjøleskap og vaskemaskiner. Likørar er blant lokale spesialitetar. Langs Chang Jiang finst noko tungindustri (mellom anna koparsmelteverk i Tongling), men han er etter kinesisk målestokk relativt småskala. I samferdselen inngår skipstrafikk på dei mange elvane. Chang Jiang er navigerbar for større skip heile året. Fuyang og Hefei er viktige knutepunkt på det nasjonale jernbanenettet, og høghastighets-jernbana går gjennom provinsen. Provinsen er også tilknytta motorvegnettet. Anhui har fleire flyplassar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg