Bøverdalen er eit dalføre i Lom kommune i Innlandet. Dalen er rekna for grense mellom den eigentlege Jotunheimen og Breheimen. Gjennom dalen renn elva Bøvre, som har sine kjelder i vestre delen av Smørstabbrean og fell i Ottaelva nær Fossbergom. Gjennom Bøverdalen går fylkesveg 55 over Sognefjellet til Sogn.
Turistområdet Bøverdalen omfattar også sidedalane Visdalen og Leirdalen. Langs Sognefjellsvegen ligg det fleire turisthytter (Bøvertun, Krossbu, Jotunheimen fjellstue m.fl.) og hotell (Elveseter og Røisheim). Sidevegar fører til Høydalsseter ved Høydalsvatnet, til Leirvassbu gjennom Leirdalen, og gjennom Visdalen til Spiterstulen. Frå Galdesand tek privat veg av via Raudbergstulen til Juvasshytta, 1841 moh. Dette er landets høgastliggande bilveg med høgaste punkt ca. 1855 moh.
Elveseter turisthotell med «Sagasøyla» (Eidsvollsmonumentet) og den gamle skyss-stasjonen Røysheim med sine freda bygningar frå 1700-talet er sjåverdige. Garden Sulheim har fleire freda bygningar. Bøverdal kyrkje frå 1864 har utskore inventar. Nedst i Bøverdalen ligg dei kjente gardane Aukrust og Andvord.
Kommentarar (2)
skreiv Arne Vetlli’n
svarte Redaksjonen i Store norske leksikon
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.