Guðni Jóhannesson er ein islandsk historikar, professor ved Universitetet på Island og president på Island 2016–2024.
Guðni Jóhannesson
Faktaboks
Guðni Thorlacius Jóhannesson
- Fødd
- 26. juni 1968, Reykjavik, Island
Bakgrunn
Guðni Thorlacius Jóhannesson tok ein bachelorgrad i historie og statsvitskap ved University of Warwick i Storbritannia i 1991. Han studerte tysk ved Universitetet i Bonn i 1991–1992 og russisk ved Háskóli Íslands (Universitetet på Island) i 1993–1994.
I 1997 tok han ein mastergrad i historie ved det same universitetet, og i 1998–1999 var han ved Universitetet i Oxford. Han gjorde ferdig doktorgraden i historie ved Queen Mary University i London i 1999–2003, med ei oppgåve om den såkalla Torskekrigen i 1958–1964.
I åra mellom 1988 og 1998 arbeidde Jóhannesson som reporter for RÚV, det statlege kringkastingsselskapet på Island, samtidig som han var student. Han var dessutan korrespondent for islandsk radio i 2000–2001.
Karriere
Akademisk og litterær karriere
Etter studietida vart Jóhannesson tilsett ved ulike utdanningsinstitusjonar, mellom anna Universitetet på Island, Høgskulen i Bifröst og Universitetet i London i 1996–2010. Han arbeidde som forskar ved Universitetet på Island i 2010–2012, og som universitetslektor og seinare professor ved universitetet i 2013–2016.
Jóhannesson er svært språkmektig, og han har omsett fleire av bøkene til Stephen King til islandsk. Han har dessutan sjølv skrive mange bøker og publikasjonar, mellom anna The Collapse. Iceland on the Edge of Bankruptcy and Chaos (2009), Gunnar Thoroddsen. Ævisaga (2010) og The History of Iceland (2013).
Politisk karriere
Jóhannesson hadde ikkje tidlegare politisk erfaring då han i 2016 blei vald til Islands 6. president med 39,1 prosent av røystene. Han tok over presidenttittelen etter Ólafur Ragnar Grímsson, som gjekk av etter 20 år.
Jóhannesson er partipolitisk uavhengig. Han vart attvald i 2020, men trekte seg av personlege årsaker i 2024.
Etter at Island blei råka av finanskrisa i 2008, fylgde år med fleire politiske skandalar og uro, der det mellom anna kom fram at islandske politikarar har hatt hemmelege selskap og kontoar i utlandet. Målet til Jóhannesson ved å stille til val var at han ville gjenreise tilliten til systemet.
Utmerkingar og anna engasjement
Jóhannesson var president i historieforeininga på Island frå 2011, og han fekk både storkorset av St. Olav Orden og den danske Elefantordenen i 2017 og den finske Serafimerordenen i 2018.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.