ICANN er ein amerikansk organisasjon som administrerer global tildeling av DNS-namn, internettadresser og protokollparametrar.
Organisasjonen administrerer mellom anna alle toppnivådomenenamn i verda. Oppgåvene blir utførte innanfor rammene av ein kontrakt med USAs handelsdepartement, men ICANN prøver å hente innspel frå mange ulike deltakarar i internett-samfunnet.
Det har vore fleire forsøk på å overføre ICANN til FN, for å sikre internasjonal handtering av toppnivådomena; men desse forhandlingane har brôte saman fleire gongar fordi mellom anna USA og Storbritannia har nekta å godta ei FN-basert styring som kunne tillate mellom anna Russland og Kina å innføre meir sensur i eigne land.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.