Sande er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen omfattar den sørvestlege delen av Gurskøya og øyane utanfor, dei største er Sandsøya (12 kvadratkilometer), som kommunen har namn etter, og Kvamsøya (7,5 kvadratkilometer).
Sande blei oppretta 1867 ved deling av Herøy. Seinare blei eit par område førte tilbake til Herøy (1873 og 1889). Frå Sande blei Rovde skilt ut som eigen kommune i 1905, og Sande utgjorde etter dette 118 kvadratkilometer og hadde 2298 innbyggjarar. I 1964 fekk Sande to utvidingar på Gurskøya, Skredestranda frå Rovde og Gurskedalen frå Herøy. Dei noverande grensene fekk Sande i 2002 då fastlandsdelen av kommunen, Åram krins på halvøya mellom Vanylvsfjorden og Syvdefjorden, blei overført til Vanylven.
Kommunen grensar til Herøy på Gurskøya i nordaust. Elles går grensa i Herøyfjorden i nord, i Haugsfjorden, Hallefjorden og Rovdefjorden i sør og i Vanylvsgapet i vest.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.