Då enkjekeisarinna døydde i 1908, vart Yuan avsett frå alle militære og politiske stillingar og bortvist til heimbyen sin. Då den republikanske revolusjonen braut ut i oktober 1911, var Yuan likevel framleis den militært mektigaste personen i Kina. Qing-hoffet innsåg at dei igjen hadde bruk for Yuan sine tenester, og han vart utnemnd til keisarleg øvstkommanderande og statsminister.
Yuan si støtte var uunnverleg for både keisarmakta og republikanarane, og dette brukte han til sin fordel. Innleiingsvis støtta han Qing-dynastiet og heldt opprørarane i sjakk i nokre månadar. I februar 1912 gjekk Yuan derimot over til republikanarane og sørgde samstundes for at keisaren abdiserte, mot at republikanarane gav han sjølv stillinga som president, etter revolusjonsleiaren Sun Yat-sen.
Yuan kom seinare i motsetning til Sun sitt parti, det revolusjonære Kuomintang. Leiaren av det nyoppretta parlamentet, Song Jiaoren (1882–1913), freista å avgrense makta til presidentembetet. Song vart skoten og drepen i 1913, og fleire spor peika mot at oppdraget om attentatet kom frå personar knytte til Yuan. Sun Yat-sen oppmoda etter dette til opprør mot Yuan, men lukkast ikkje då Yuan med basis i militær makt oppløyste nasjonalforsamlinga og gav seg sjølv diktatorisk makt som ny president for ein periode på fem år. Han plasserte lojale offiserar i guvernørpostar og la med det grunnlaget for krigsherreperioden (1916–1928).
Yuan mista mykje prestisje etter 1914, då første verdskrigen gjorde at europearane ikkje lenger stogga Japan, som Yuan måtte gi audmjukande konsesjonar i Kina. Samstundes gjekk konsolideringa av politisk makt utover grepet på militærmakta.
I 1915 freista Yuan å fullbyrde dei diktatoriske framstøytane sine ved å utrope seg sjølv til keisar. Yuan overvurderte støtta i folket, hjå eigne undersåttar, frå den japanske keisarmakta og frå tidlegare europeiske allierte. Han vart tvinga til retrett etter eit opprør i Sør-Kina og truslar om lausriving frå ei rekkje guvernørar. Etter 83 dagar som keisar gjenoppretta han republikken i mars 1916. Tre månader seinare døydde han av uremi.
Då Yuan døydde, kollapsa sentralmakta i Kina.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.