Hjelpespråk er språk som blir brukte i samkvem mellom menneske som ikkje forstår morsmålet til kvarandre. Det kan anten vere naturlege språk, til dømes engelsk, eller konstruerte kunstspråk, til dømes esperanto.
Med rudimentært hjelpespråk meiner vi eit forenkla språk som særleg blir nytta i handelssamband av enklare form. Slike språk har ein sterkt forenkla fonologi og grammatikk og blir kalla pidginspråk. I nokre tilfelle kjem ordtilfanget frå eitt språk, som i lingua franca, eller frå to eller fleire språk, som i russenorsk. Ofte trur dei som brukar eit slikt språk, at dei talar språket til motparten; russarane trudde dei tala norsk og nordmennene at dei tala russisk når dei nytta russenorsk.
I mellomalderen var latin det viktigaste internasjonale hjelpespråket. Frå seinmellomalderen og fram til 1900-talet hadde fransk ei leiande stilling som diplomatispråk. No er engelsk det dominerande internasjonale hjelpespråket på dei fleste felt. I Dei sameinte nasjonane (SN, bokmål FN) er engelsk, fransk, spansk, russisk, kinesisk og arabisk offisielle språk, og dei fem siste spelar ei viss rolle internasjonalt, men ikkje på ein måte som kan jamførast med engelsk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.