Jazzmusikken sprang ut av ei blanding av ulike musikkformer, og har, truleg på grunn av fridommen sin frå faste reglar, gjennom heile historia si vore svært open for impulsar frå andre musikkulturer. Latinamerikansk rytmikk kom sterkt inn allereie i 1940-åra, og mange jazzutøvarar vart interesserte i indisk musikk i 1960-åra.
Dei siste tiåra har denne utviklinga akselerert, sterkast utanfor USA. Musikarar med røter i jazztradisjonen knyter musikken sin saman med musikk frå ei rekkje etniske miljø. I Noreg ser ein til dømes ein høg aktivitet med utgangspunkt i tradisjonell norsk folkemusikk (Jan Garbarek, Arild Andersen og andre) og samisk musikk (Mari Boine, Frode Fjellheim). Musikk frå Aust-Europa og andre kulturar pregar òg mange improviserande grupper. Mot slutten av tiåret fekk musikarar som Bugge Wesseltoft og Nils Petter Molvær stor merksemd for arbeida sine i kryssinga mellom jazz og elektronisk klubbmusikk, ei retning som fekk kallenamnet «future jazz». Gruppa Supersilent stod for ein litt meir eksperimentell, men nærståande, variant av denne utviklinga.
I USA søkte mange i ein ny generasjon tilbake til dei dominerande stilartane frå 1950-åra. Til dømes pianisten Brad Mehldau hausta stor popularitet for trioinnspelingane sine inspirert av Bill Evans, og også Keith Jarrett. Samtidig var det fleire kreative miljø utanfor hovudstraumen, som gjerne henta inspirasjon frå 1960-åras frie improvisasjon. Tenorsaksofonisten David S. Ware, som hadde sine formative år under Loft Jazz-scena på 70-talet, fekk mykje merksemd med den populære kvartetten sin.
Treblåsaren Ken Vandermark fekk òg betydning for nyare generasjonar med europeiske musikarar, også norske. Med gruppa Vandermark 5, men også i andre samanhengar, kombinerte han samspelet, dei improvisatoriske moglegheitene og den elastiske forma til frijazzen med fraseringar, rytmikk, dynamikk og andre element frå mellom anna nyare, alternativ rock og funk.
I USA har ein mellom anna merka ein framvekst av musikarar som eksperimenterer med og arbeider fram ulike kompositoriske metodar og system for å skape nye rom og andre moglegheiter for improvisasjon og samspel. Veteranane Henry Threadgill og Anthony Braxton kan seiast å vere to føregangsmenn for denne utviklinga, der dei gjerne har inkludert musikarar frå denne nye generasjonen i sine eigne ensemble. Blant desse yngre musikarane kan nemnast pianisten Vijay Iyer, saksofonisten Steve Lehman, trommeslagaren Tyshawn Sorey og gitaristen Mary Halvorson.
I Noreg har koplingar mellom jazz og folkemusikk vist seg som eit stadig fruktbart område. Samtidig har ein opplevd ei utvikling sidan 1990-talet, mellom anna med innslag av samtidsmusikk og andre uttrykk, men også med større fokus på fri improvisasjon enn før. Musikarar som Terje Isungset og Karl Seglem kan nemnast i denne samanhengen, og dessutan musikarar og band i miljøet rundt det tonegivande plateselskapet Hubro, under dette organisten Nils Økland.
Eit yngre jazzmiljø med base i London har òg skapt merksemd det siste tiåret. Her har ei rekkje yngre musikarar gjort seg merka med ei energisk og rytmisk form for jazz, inspirert av klubbscenene i byen, ofte i kombinasjonar med musikk frå Karibia, Sør-Afrika eller andre delar av verda. Saksofonisten Shabaka Hutchings og band som Sons of Kemet er blant dei som har fått størst merksemd blant presse og publikum.
I dei siste åra har òg debatten rundt termane «jazz» og «improvisasjon» blussa opp igjen. Mange meiner at førstnemnde har for mange konnotasjonar og fordomsfulle forventningar festa til seg, medan det opplevast som at det heftar fordommar mot den sistnemnde. I staden for jazz har termar som «stretch» og «black american music», forkorta BAM, blitt foreslått, men ingen av dei har blitt tekne i flittig bruk. Noko større suksess har det vore med bruken av spontan komposisjon i staden for improvisasjon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.