Multi forside
Multi forside
Gyldendal forlag.

Lærebøker er trykte og digitale læremiddel som er utvikla til bruk i opplæring. Lærebøkene er tilpassa undervisningsopplegg i særskilde fag, trinn og nivå i grunnskule, vidaregåande skule og høgare utdanning. Lærebøker for skulen og høgare utdanning har eigne krinsløp i bokbransjen. Utviklinga i lærebokmarknaden er tett knytta til utvikling av nye læreplanar og utvikling av nye læringsressursar i forlaga.

Eksempel på lærebøker:

  • Naturfag 1 er i lærebok tilpassa naturfagundervisninga i 1. klasse
  • Multi er eit læreverk i matematikk med både lærebok og digitale ressursar
  • Bedriftens økonomi er ei lærebok i bedriftsøkonomi tilpassa ingeniørstudentar

Læreplanane og læreboka

Lærebøkene i skulen er laga med utgangspunkt i læreplanane. Etter dei siste skulereformane er desse planane mindre detaljerte og meir overordna. Det gjev større fridom til forlag og lærebokforfattarar, slik at lærebøkene omtaler alle kjerneområde, men at dei har ulike tilnærmingar til desse.

Eit fellestrekk ved bøkene i dag er at dei blir meir omfattande, multimodale og visuelt tiltalande, og det blir lagt meir vekt på problemløysing og opne oppgåver. I tillegg blir miljøperspektiv og berekraftig utvikling viktige tverrfaglege emne. Engelskfaget hentar stoff frå heile den engelskspråklege verda, ikkje berre frå USA og Storbritannia.

Papir og digitalt

Lærebøkene blir ofte laga både som trykte og digitale. I høgare utdanning er lærebøkene for det meste trykte eller pdf-versjonar av den trykte boka. I grunnskule og vidaregåande skule har ein ofte ein kombinasjon av trykte lærebøker og tilhøyrande nettressursar.

Den digitale versjonen av læreboka har gjerne funksjonar, som søk, zoom, lydbok og lenker. Forlaga satsar og på utvikling av moderne digitale læremiddel, der både tekst, lyd, bilde, animasjon, film og adaptiv læringsteknologi blir tatt i bruk for å presentere fagstoff, saman med fyldige oppgåvebankar.

Som i andre deler av bokbransjen er det ein trend at digitale utgåver og tenester overtar for dei trykte bøkene. I dei skandinaviske landa er ein komen langt i digitaliseringa, og mange kommunar har valt å kjøpe inn berre digitale læremiddel og ikkje trykte bøker.

Det er fagleg og offentleg debatt om kor godt det digitale er utnytta for å gje elevane tilpassa undervisning. Vidare er det diskusjon i fagmiljø og i avisene om balansen mellom digitale og trykte læremiddel i den norske skulen og om det digitale åleine kan vere utgangspunkt for god undervisning.

Lærebokmarknaden

Marknaden består av forlag, forfattarar, brukarar (elevar og lærarar) og salskanalar, som bokhandlar og nettbokhandlar. Det er skilde marknadar for skulen og den høgare utdanninga.

Produksjon

Det er forlaga som utgjev og kvalitetssikrar læremidla. Det er eigne forfattarar som skriv for barnetrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande. Dei er fagfolk som har erfaring med undervisning. Forlagshusa har ofte organisert produksjonen av lærebøker til høgare utdanning og grunnskule i eigne forlag og med eigne redaktørar for dei ulike fagområda.

Kjøp og sal

Det er skuleeigarar, skuleleiarar og lærarar (eventuelt i samarbeid med elevar) som avgjer kva slags bøker som skal kjøpast inn i ein relativt fri marknad. Ofte kan ei kommune eller eit fylke gå saman om innkjøp for å få ein betre pris. Elevane skal ikkje betale for lærebøker. For høgare utdanning er det undervisarane som lagar pensumlista, medan det er studentane som kjøper bøkene.

Forlaga gjer ofte reklame for læremiddel og bøker via kurs eller digitale seminar, der brukarane, som regel lærarar, blir inviterte til møte med forfattarar og samtalar om læringsressursane. Dette gjeld både grunnskule, vidaregåande skule og høgare utdanning.

Kvalitetssikring

I læremidla for grunnskole og vidaregåande skule blir det som regel brukt lærarar som konsulentar til fagleg og pedagogisk kvalitetssikring, mens læremiddel for høgare utdanning ofte blir granska av fagfeller, som oftast er fagleg tilsette innan høgare utdanning.

I Noreg vart det i 1899 etablert ei godkjenningsordning for innhaldet i lærebøker i kristendomskunnskap, ei ordning som ni år seinare vart utvida til å gjelde alle lærebøker. Granskinga av innhald vart utvida til å gjelde språkleg framstilling, pedagogisk tilrettelegging og likestilling (det siste frå og med 1979). Etter kvart kom det mange motførestellingar mot godkjenningsordninga, og ordninga vart oppheva i år 2000. Etter dette har forlaga sjølve teke ansvaret for å kvalitetssikre læremidla.

Forsking på læremiddel

I Noreg blir det forska på læring, lærebøker og andre læremiddel ved dei fleste universiteta og høgskulane som utdannar lærarar. Det har lenge vore forska på lærebokhistorie, men det blir i dag spesielt forska på samspelet mellom læreboka (trykt og digitalt) og digitale ressursar.

Veksande forskingsområde innan feltet er knytt til literacy, kjønn, etnisitet, adaptiv læringsteknologi, læring på skjerm og digital frakobling.

The International Association for Research on Textbooks and Educational Media (IARTEM), er eit viktig internasjonalt nettverk innan fagfeltet, tett knytta til Universitetet i Søraust-Noreg (USN) som har læremiddelforsking som satsingsområde. Nokre internasjonale tyngdepunkt i forskinga er Universitetet i Augsburg (Georg-Eckert-Institut) og Nasjonalt videnscenter for læremidler i Odense i Danmark.

Historie

Norsk lærebokhistorie er tett knytt til norsk skulehistorie, med ei utvikling frå omgangsskule til fastskule, folkeskule, arbeidsskule og fellesskule.

Omgangsskulen (1739-1860 og fastskulen (1860-1889)

I omgangsskulen var katekismen (Pontoppidan), ABC-boka og reknebøker sentrale bøker. I perioden med fastskule kom det fleire lærebøker i kristendomskunnskap, blant anna Volrath Vogts bibelhistorie, omstridde ABC-bøker med «morskapslesing» og folkedikting, leseboka til P.A. Jensen med religiøse tekstar, stoff frå norsk og nordisk litteratur og frå den folkelege tradisjonen og tekstar om naturkunnskap og «jordbeskrivelse» (geografi). Det kom også eigne lærebøker i geografi og historie, der kart og teikningar spelte ei viktig rolle.

Folkeskulen (1889-1939)

I folkeskuleperioden vart det innført godkjenning av lærebøker i kristendomskunnskap og etter kvart andre fag, lesebøker i norskfaget på begge målformer (Bokmål: Mathilde Munch og Nordahl Rolfsen, landsmål/nynorsk: Andreas Austlid), lærebøker i rekning med vekt på alt som kan teljast (fingrar, husdyr og andre ting på garden), og meir omfattande lærebøker i naturfag, geografi og historie. Den nasjonale forteljaren Jens Hæreids skreiv Noregs historie fortalt for skule og heim (1909), ei bok som kom i mange opplag. Boka fekk seinare (i 1946) tittelen Vi ere en nasjon og kom i mange opplag etter det. I denne perioden kom også engelskfaget med eigne lærebøker, stort sett for byfolkeskulen. Faget vart sett på som ein «gaukunge» i norsk folkeskule, truleg fordi det kom utanfrå, hadde andre verdiar og var eit fag utan religiøse og moralsk grunngjevingar. Engelsk var dessutan eit «morskabsfag» for dei få, der lærebøkene inneheldt anekdotar og dialogar om dagligdagse emne. I denne perioden vart bøkene meir barnesentrerte, det heimlege og nasjonale dominerte, og bøkene fekk fleire fargeillustrasjonar med høgare kvalitet.

Arbeidsskulen (1939-1974)

I denne perioden er lærebøkene prega av elevaktivitet og oppgåver som elevane oftast skal arbeide individuelt eller i grupper og svare på skriftleg i dei fleste fag, mens det er elevøvingar i naturfag. Det blir også gjort forsøk på nivådifferensiering i lærebøkene, i særleg grad etter at ungdomsskulen vart innført på 1960-talet, og det kom nye ABC-bøker med meir spesialpedagogisk vinkling.

Ei rettskrivingsreform i 1938, som innførte mange radikale former i bokmålet i eit forsøk på å få bokmål og nynorsk til å nærme seg kvarandre (lita, bleik, mjølk, lærerinna), vart det strid om språket i lærebøkene. Striden auka utover 1950-talet, då Foreldreaksjonen mot samnorsk vart danna, og Riksmålsforbundet oppfordra til underskriftsaksjonar og retting av språket i barna sine lærebøker. Eitt av leseverka det vart mykje diskusjon om, var Thorbjørn Egners leseverk, som vart karakterisert som «rent for gode til å ødelegges av slikt skinnfellsprog» av ein meldar i Aftenposten. Etter kvart kom forlaga med parallellutgåver med radikale og moderate former, og som eit forsøk på å rydde opp i dette, vart det i 1959 innført ein læreboknormal for både nynorsk og bokmål.

I 1951 gav bergensaren og bispinna Margarethe Wiig ut si tospråklege ABC, som er rekna for å vere den viktigaste boka i samisk lærebokhistorie. Da boka kom ut i 1951, var den første gongen det blei laga ei lærebok for samar som heilt og fullt bygde på samisk miljø, både når det galdt tekst og illustrasjonar. På 60-talet kom det også to norsk-samiske lesebøker med for mellomtrinnet, illustrert av samiske kunstnarar.

Faget heimstadlære vart innført som eit humanistisk fag i folkeskulen, det kom fleire forteljande lærebøker og reiseforteljingar i geografifaget og meir fargeillustrasjonar i alle fag. På 1960-og 70-talet fekk vi ein begynnande kritikk av lærebøker, særleg av bøker i samfunnsfag, og det venstreradikale Pax forlag gav ut eit korrektiv til eit læreverk, med problematisering av objektivitet, vinkling og verdigrunnlag. Engelskfaget vart utvida, og lærebøkene blei prega av elevaktivitet og herming og trening på språkstrukturar.

Fellesskulen (1974-2022)

Fellesskulen er bygd på ideen av likestilling, inkludering og det fleirkulturelle perspektivet, og i denne perioden kom utviklinga av tilrettelagde læremiddel og lærebøker på samisk i gang for alvor. I den niårige skulen, som vart lovfesta i 1969, heiter no grunnskule og ikkje folkeskule. I 1979 kom krav om likestillingsgransking av lærebøker, og dette førte til at fleire kvinnelege forfattarar vart del av pensum i norskfaget, og at fleire døme i matematikk og naturfag var henta frå jentene sine erfaringsområde.

Mønsterplanen av 1987 la til rette for lokale læreplanar og lite styring av innhaldet i lærebøkene, men i 1997 la læreplanen opp til meir styring av innhaldet i lærebøkene i mange fag, for å sikre ei felles referanseramme for norske elevar. I 2000 vart godkjenningsordninga oppheva, men likevel var læreplanane svært styrande for stoffvalet i bøkene.

I 2006 kom skulereformen Kunnskapsløftet, som presiserte læringsmål i staden for innhald i faget, og dette gav større fridom til forlag og lærebokforfattarar, men gjorde også at lærebokmarknaden fekk meir makt. I 2020 blei Kunnskapsløftet reformert gjennom Fagfornyinga. No vart læringsmål erstatta av kjerneområde i faga, og dette førte til at alle lærebøkene omtaler alle kjerneområde, men at dei har ulike tilnærmingar til desse. Mot slutten av perioden har dei digitale læremidla teke meir og meir over. Eit fellestrekk ved bøkene i perioden er at dei blir meir og meir omfattande, multimodale og visuelt tiltalande, og det blir lagt meir og meir vekt på problemløysing og opne oppgåver. I tillegg blir miljøperspektiv og berekraftig utvikling viktige tverrfaglege emne. Engelskfaget hentar stoff frå heile den engelskspråklege verda, ikkje berre frå USA og Storbritannia.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Gilje, Øystein (2017). Læremidler og arbeidsformer i den digitale skolen. Fagbokforlaget.
  • Gilje, Øystein (2021). På nye veier: Læremidler og digitale verktøy fra kunnskapsløftet til fagfornyelsen. Norsk pedagogisk tidsskrift, 105(2), 227-241.
  • Knudsen, Susanne V. (red.) i samarbeid med Stefan Graf, Jens Jørgen Hansen, Thomas Illum Hansen, Liv Ingunn Haugen, Magnus Honvedt, Eva Insulander, Lars Harald Maagerø, Heidi Kristin Olsen, Catherine Radtka, Staffan Selander, Anne Kristine Solberg Runestad, Linda Wahlmann Olsen og Tom Wikman. 2011. Internasjonal forskning på læremidler – en kunnskapsstatus. Høgskolen i Vestfold, Senter for pedagogisk tekstforskning og læreprosesser.
  • Skjelbred, Dagrun, Askeland, Norunn, Aamotsbakken, Bente & Eva Maagerø (2017). Norsk lærebokhistorie. Allmueskolen- folkeskolen- grunnskolen 1739-2013. Universitetsforlaget.
  • Skjelbred, Dagrun. (2019). Skolens tekster – et utgangspunkt for læring. Cappelen Damm Akademisk.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg