Mens dei dekkfrøa blomsterplantene først utvikla seg seint i mesozoisk tid, og fekk ei dominerande stilling i Jordas plantedekke i midten av krittida, høyrer nakenfrøa til dei eldste plantegruppene. I overdevon er det funne frøliknande organ som kan tilhøyre nakenfrøa planter, men sikre fossil har vi først frå karbon. Frå midtre og øvre devon er det kjent mange ulike «progymnospermar». Dei var forveda sporeplanter, og blant dei finst truleg forfedrane til frøplantene.
Til dei eldste nakenfrøa høyrer frøbregnar, som var vanlege i karbon og perm, med utløparar til midt i mesozoikum, da dei døydde ut. Blant frøbregnane finn vi den mesozoiske gruppa Caytoniales, som i visse trekk minner om dei dekkfrøa, men utan å vere i slekt med dei. Glossopteris utgjorde ei stor gruppe frøbregnar med tungeforma blad. Dei var særs talrike på den sørlege halvkula mot slutten av paleozoikum og først i mesozoikum.
Også dei eldste bartrea finst i karbon, og kjem for alvor i perm og mesozoikum. Blant bartrea i karbon og perm er det ein del med primitive frøkongler som viser at kongla er å oppfatte som ein frøemnestand, altså ein struktur sett saman av fleire frøemne. Frå øvre jura er det kjent fossil som kan førast til furufamilien. Sjølve furuslekta er påvist i tidleg krit. Også sypressfamilien og podokarpfamilien er kjent frå jura.
Den gruppa som konglepalmane tilhøyrer, Cycadopsida, opptrer første gong seint i karbon, men vart vanleg først i mesozoisk tid, med former som til dels var atskillig ulike dei nolevande artane.
Benettitane hadde liknande bladform som konglepalmar, men hadde heilt andre spalteopningsapparat og forplantningsorgan, var ei artsrik og dominerande gruppe i mesozoikum (dei eldste er kjent fra perm), men døydde ut i løpet av krit.
Tempeltrea, ginkgoane – som har berre ein einaste nolevande art, kinesisk tempeltre, Ginkgo biloba – var også talrike i mesozoikum og minst seks slekter har vore ført til tempeltreordenen (Ginkgoales). Fossil som kanskje høyrer heime i denne ordenen er funne heilt tilbake i perm.
Fossile gnetofyttar er kjent frå sein jura og med relativt mange funn i tidleg krit. Det er også rapportert usikre funn frå perm.
Heilt utdøydde er cordaitane, som levde i paleozoikum og var fjerne slektningar av bartrea.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.