Det latinske alfabetet har vorte utvida i fleire rundar frå eit dei opphavlege 21 bokstavane til først 23, ved tillegg av dei «greske» bokstavane Y og Z. Frå mellomalderen og seinare vart alfabetet utvida til 26 bokstavar ved at I har vorte spalta i I og J og V i U, V og W.
I norsk og dansk blir brukt Æ, Ø og Å i tillegg til dei vanlege 26 latinske bokstavane. Æ og Ø har vore i bruk i nordiske språk frå mellomalderen, medan Å har komme til seinare. Verken Æ eller Ø har oppstått i Norden; begge desse teikna er brukte i latinsk tekst. Den viktigaste årsaka til at dei nordiske språka har disse tilleggsbokstavane, er at vi har ni vokalar, mot fem i latin.
Bokstaven Å har vorte brukt i det norske alfabetet frå 1917 og i dansk frå 1948. Den endelege avgjerda om kvar Å skulle plasserast i det danske alfabetet, vart ikkje teke før i 1955, og frå 1948 til 1955 kom Å først. Opphavet til Å er ein liten a skrevet over ein A. Å vart først brukt i Tyskland, men er ikkje lenger i bruk i tysk.
På svensk har Å vore i kontinuerleg bruk heilt frå 1500-talet. Alle dei tre «tyske» bokstavane Ä, Ö, Å kom til Sverige saman med boktrykkjarkunsten. I norsk-dansk skreiv ein lenge dobbel A (aa), slik ein hadde gjort før 1500 òg i svensk.
I det svenske alfabetet blir brukt Ä i staden for Æ og Ö i staden for Ø. Bokstavrekkjefølgja er òg ulik på svensk. Det svenske alfabetet sluttar med Å, Ä, Ö, medan norsk og dansk har Æ, Ø, Å. I norsk og dansk blir alfabetisert Å til slutt fordi dette er den siste bokstaven som vart lagt til i alfabetet, medan i svensk har Å vore i bruk mykje lengre enn i dansk og norsk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.