Trimaran er ein seglbåt med eitt hovudskrog og to sideskrog – eitt på kvar side av hovudskroget. Han er nesten like brei som han er lang, og er utvikla over dei siste femti åra etter modell av kano med utriggar, og som fleirskrogsbåt er han i familie med katamaranen. Han er den raskaste av alle seglbåtar.
Dei fleste trimaranar har senkekjøl eller sverd i hovudskroget; det kan vera eitt ror på hekken til hovudskroget, eller eitt ror i kvart sideskrog. Nokre trimaranar er også utstyrte med foilar for stabilisering og større fart. Fordi trimaranen balanserer ved hjelp av breidde, krenger han lite; han treng heller ikkje ein tung kjøl, og vil derfor akselerera heller enn å krenga i sterk vind.
Mange trimaranar under ti meter har sideskrog som kan faldast inn mot hovudskroget, og kan dermed transporterast på tilhengar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.