Erteblomfamilien
Erteblomfamilien | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av erteblomfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Erteblomordenen Fabales |
Familie: | Erteblomfamilien Fabaceae Lindl., 1836 |
Erteblomfamilien eller erteblomsterfamilien (Fabaceae) er ein plantefamilie i gruppa tofrøbladingar.
Artane i familien omfattar urtevekstar, buskar, tre og lianar. Dei har oftast finna eller kopla blad med øyreblad (stiplar). Dei har uregelrett blomster med samblada femtagga beger og fem ulike kronblad. Det øvre kronbladet, seglet, er størst, på sidene er venganen, og nedst to samanvaksne blad, kjølen. Blomane har ti mjølberarer og ein griffel. Dei dannar ein skolm, oftast med fleire frø.
Erteblomfamilien er den tredje største plantefamilien som finst i talet på artar. Han omfattar 19 327 arter fordelt på 727 planteslekter.[1] Av dei finst 20 slekter i Noreg. Berre orkidefamilien (Orchidaceae) med 22–25 000 og korgplantefamilien (Asteraceae) med rundt 22 000 har fleire artar. Ein finn særleg artar frå familien i temperert klima.
I erteblomfamilien finst ei rekkje belgfrukter som blir brukt som mat, mellom anna erter, bønner og peanøtter, fôrplantar som soya, kløver, vikke og luserne, fargeplantar som ginst og Indigofera og prydplantar som lupin og gullregn.
Taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Mimosafamilien (Mimosoideae) er ein sannsynleg underfamilie i erteblomfamilien. Han omfatter ca. 3 200 artar fordelt på 60 slekter. Det same gjeld tamarindfamilien (Leguminosae-Caesalpinioideae), ein sannsynleg underfamilie med ca. 400 artar.
Erteblomfamilien, mimosafamilien og tamarindfamilien inngår alternativt i ei større eining eller «overfamilie» som kan kallast Leguminosae. På den internasjonale botaniske kongress i Wien 30. juni 2005 blei det gjort oppryddingar i slektene under mimosafamilien, mellom anna akasieslekta.[2] Undergruppene og artane som inngår i underordenen Leguminosae blir forvalta av ein eigen organisasjon ved Universitetet i Reading i Storbritannia.[3][4]
Under er ei detaljert liste av artane i erteblomfamilien utan mimosafamilien, basert på APG II-systemet og nordisk botanikk.[5]
- Karplantar (Tracheophyta)
- Frøplantar (Spermopsida)
- Klasse: Dekkfrøplantar (Angiospermae, Magnoliaphytina, Magnoliopsida)
- Underklasse: Tofrøblada plantar (Dicotyledones)
- Klade: Rosidae
- Underklade: Fabider (Eurosidae I)
- Orden: Fabales (Fabales)
- Erteblomfamilien (Fabaceae)
- Rundbelgeslekta (Anthyllis)
- Peanøttslekta (Arachis)
- Mjeltslekta (Astragalus)
- Ertebuskslekta (Caragana)
- Judastreslekta (Cercis)
- Lodnegyvelslekta (Chamaecytisus)
- Bukkertslekta (Cicer)
- Skorpionkloslekta (Coronilla)
- Gyvelslekta (Cytisus)
- Geitvikkeslekta (Galega)
- Ginstslekta (Genista)
- Soyaslekta (Glycine)
- Buskvikkeslekta (Hippocrepis)
- Gullregnslekta (Laburnum)
- Erteknappslekta (Lathyrus)
- Linseslekta (Lens)
- Tiriltungeslekta (Lotus)
- Lupinslekta (Lupinus)
- Sneglebelgslekta (Medicago)
- Steinkløverslektan (Melilotus)
- Beinurtslekta (Onomis)
- Onybrychis (Onybrychis)
- Fuglekloslekta (Ornithopus)
- Markmjeltslekta (Oxytropis)
- Bønneslekta (Phaseolus)
- Erteslekta (Pisum)
- Prosopis
- Robinia
- Skorpionurtslekta (Scorpiurus)
- Kronvikkeslekta (Securigera)
- Sennaslekta (Senna)
- Tephrosia
- Tetragonolobus (Tetragonolobus)
- Sommerlupinslekta (Thermopsis)
- Kløverslekta (Trifolium)
- Hornkløverslekta (Trigonella)
- Gulltornslekta (Ulex)
- Vikkeslekta (Vicia)
- Wisteria
- Tamarindfamilia (Caesalpinioideae)
- Mimosafamilia (Mimosoideae)
- Akasieslekta (Acacia)
- Leucaena
- Mimosaslekta (Mimosa)
- Blåfjærfamilien (Polygalaceae)
- Familien Quillajaceae
- Familien Surianaceae
- Erteblomfamilien (Fabaceae)
- Orden: Celastrales
- Orden: Malpighiales
- Orden: Oxalidales
- Orden: Rosales (inkluderer Urticales i APG II-systemet)
- Orden: Cucurbitales
- Orden: Fagales
- Underklade: Malvider (Eurosidae II)
- Orden: Malvales
- Orden: Brassicales
- Orden: Sapindales
- Klade: Asteridae
- Klade: Rosidae
- Underklasse: Einfrøblada plantar (Liliopsida)
- Frøplantar (Spermopsida)
Norske slekter i ertefamilien
[endre | endre wikiteksten]- Laburnum
- Lupinus
- Genista
- Ulex
- Cytisus
- Ononis
- Trigonella
- Medicago
- Melilotus
- Kløver (Trifolium)
- Rundskolmslekta (Anthyllis)
- Tiriltungeslekta (Lotus)
- Astragalus
- Oxytropis
- Ornithopus
- Coronilla
- Vikkeslekta (Vicia)
- Erteknappslekta (Lathyrus)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Svensk Wikipedia.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- erteblomstfamilien (27.02.2013) i Store norske leksikon.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Erteblomfamilien» frå Wikipedia på bokmål, den 16. mars 2013.
- Fotnotar
- ↑ Lewis, G., B. Schrire, B. MacKinder, and M. Lock (eds). 2005. Legumes of the world. Royal Botanical Gardens, Kew, UK.
- ↑ International Code of Botanical Nomenclature (Vienna Code). – navn autorisert gjennom Artikkel 18.5 i «Viennakoden».
- ↑ Herbarium RNG and Plant Identification Service. The Harborne Building. University of Reading.
- ↑ ILDIS (International Legume Database & Information Service)
- ↑ Lennart Stenberg (red), Steinar Moen (norsk red.): Gyldendals store nordiske flora, Gyldendal 2003 (Oslo 2007). ISBN 978-82-05-32563-0
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- erteblomstfamilien i Store norske leksikon