Hopp til innhald

Årdal kyrkje i Bygland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Årdal kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Bygland
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Otredal
Fellesråd Bygland
Arkitekt Anders Syrtveit
Material Tre
Innvigd 1828
Kyrkjegard Rundt kyrkja
Sitjeplassar 200
Kart
Årdal kyrkje i Bygland
58°42′26″N 7°49′26″E / 58.7071°N 7.8239°E / 58.7071; 7.8239
Wikimedia Commons: Årdal kirke (Bygland)

Årdal kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1828 i Bygland kommune i Agder fylke. Kyrkja står mellom riksveg 9 og Byglandsfjorden i tettstaden Grendi. Ho er knytt til Den norske kyrkja i Otredal prosti.

Kyrkja i 2011, til høgre bautasteinen til minne om eidsvollsmannen Even Torkildsson Lande.
Foto: Jan-Tore Egge

Byggverket er i tre og har 200 plassar. Kyrkja vart oppført etter same planteikningar som Hornnes kyrkje. Preikestolen er plassert over altaret (preikestolsaltar) i tråd med rasjonalismens ideal der kyrkjerommet skulle vere ein foredragssal med preikestolen i sentrum.[1]

Rundt kyrkja er det ein liten kyrkjegard som har blitt utvida til austsida av riksveg 9. På kyrkjegarden er det eit monument over eidsvollsmannen Even Torkildsson Lande. Der er òg eit monument over folkeminnegranskaren Johannes Skar. På 1200-tallet vart det sett opp ein runestein med tekst som er tyda til «Gud signe ondo», dette er eldste spor av kyrkjeleg aktivitet på staden.[2]

Tidlegare kyrkjer

[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen sto det truleg ei stavkyrkje på staden,[3] og denne var truleg oppført før år 1300. Kyrkja i Årdal er nemnt første gong i 1327. Det vart reist ny kyrkje i 1604, og allereie i 1662 var det trong om omfattande reparasjonar. Kyrkja vart seld til bøndene i 1723. I 1812 vart den av biskopen skildra som i god stand. Det var truleg sterk folkevekst som gjorde at kyrkjelyden ville ha ny kyrkje: I 1625 var det berre åtte bønder og seks husmenn i soknet, i 1812 hadde dette auka til 39 gardar med i alt 267 personar.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  1. Bø, Torleiv mfl. (1939). Byglands soge. Kristiansand: (eige forlag?). 
  2. Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 467. ISBN 82-7527-022-7. 
  3. Mykland, Haakon (1956). Norges bebyggelse. Sørlige seksjon Fylkesbindet for Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland fylker. Oslo: Norsk faglitteratur. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]