Hopp til innhald

Austad kyrkje i Bygland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Austad kyrkje
kyrkje
Foto: Jan-Tore Egge
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Bygland
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Otredal
Sokn Bygland
Fellesråd Bygland
Type Langkyrkje
Arkitekt Oskar Fabricius
Material Tre
Innvigd 1880[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Frå kring 1536[1]
Sitjeplassar 250[1]
Kart
Austad kyrkje
58°58′51″N 7°36′28″E / 58.98083333°N 7.60777778°E / 58.98083333; 7.60777778
Wikimedia Commons: Austad kirke, Bygland

Austad kyrkje står på Tveit i Bygland kommune i Agder fylke og er ei langkyrkje frå 1880. Arkitekt for kyrkja, som er bygd i tre, var byggmeister Oskar Fabricius.[1]

Presten og kyrkjelyden framom Austad kyrkje på slutten av 1800-talet.

Det har vore kyrkje på staden sidan mellomalderen.

Austad kyrkje høyrer til Bygland sokn i Otredal prosti. Austad var tidlegare eige kyrkjesokn, men 1. juli 1997 vart sokna Bygland, Sandnes og Austad slegne i hop til eit nytt sokn som vart heitande Bygland sokn.[2]

Preikestolen er frå kring 1536. Han vart oppattmåla av Christen Anderssøn i 1634. Det er tre døypefontar i kyrkja. Den eldste er frå kring 1200.[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Austad kyrkje, Tveit». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 467. ISBN 82-7527-022-7. 
  2. Olav Skjevesland: Visitasforedrag ved bispevisitas i Bygland 29. oktober – 2. november 2003

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]