7. mars
Utsjånad
7. mars er den 66. dagen i den gregorianske kalenderen (67. i skotår). Det er 299 dagar att av året.
Merkedag
[endre | endre wikiteksten]Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
[endre | endre wikiteksten]Religiøs helgedag
[endre | endre wikiteksten]Bevegelege heilagdagar som fell på 7. mars i 2024:
Helgendag i den katolske kyrkja:
Namnedag
[endre | endre wikiteksten]Noreg | Arild og Are |
Sverige | Camilla |
Danmark | Perpetus |
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 161: Keisar Antoninus Pius av Romarriket døydde. Dei adopterte sønene hans Marcus Aurelius og Lucius Verus blei nye keisarar.
- 1798: Den franske hæren gjekk inn i Roma. Dette er rekna som byrjinga til Den romerske republikken.
- 1799: Napoleon sine styrkar erobra Jaffa i Palestina og drap meir enn 2 000 albanske fangar.
- 1876: Alexander Graham Bell fekk patent på telefonen.
- 1912: Roald Amundsen kunne annonsera at hans ekspedisjon hadde nådd Sørpolen den 14. desember 1911.
- 1918: Første verdeskrigen. Nyleg sjølvstendige Finland allierte seg med Tyskland. Då var krigen ved Austfronten| allereie avslutta nokre dagar tidlegare ved freden i Brest-Litovsk, som også gav sjølvstende til Finland.
- 1936: Nazi-Tyskland okkuperte Rhinland, og braut dermed med både Locarnotraktaten og Versaillestraktaten.
- 1945: Andre verdskrigen: USA erobra Remagen-brua over Rhinen.
- 1951: Koreakrigen. Amerikanske styrkar under leiinga til general Matthew Ridgeway gjekk til åtak på kinesiske styrkar.
- 1996: Det første demokratisk valde palestinske parlamentet vart oppretta.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 1816: 15 menneske omkom i eit leirras ved Tiller i dagens Trondheim.
- 1902: Norsk songdans vart vist fram for første gong.
- 1956: Fleire snøras drap 21 menneske og gav store skader i Nordland og Troms.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde den 7. mars.
- 1451: Baldassare Peruzzi, italiensk arkitekt og målar
- 1850: Tomáš Masaryk, tsjekkoslovakisk president (1918-1935)
- 1904: Reinhard Heydrich, tysk SS-offiser
- 1924: Kobo Abe, japansk forfattar
- 1944: Townes Van Zandt, amerikansk musikar
- 1947: Laila Riksaasen Dahl, norsk biskop
- 1950: Eva M. Nielsen, norsk politikar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde den 7. mars.
- 161: Keisar Antoninus Pius av Romarriket
- 1274: Thomas Aquinas, italiensk teolog, filosof og katolsk helgen
- 1899: Johan Raatamaa, svensk lekmannspredikant
- 1922: Axel Thue, norsk matematikar
- 1931: Theo van Doesburg, nederlandsk kunstnar
- 1932: Aristide Briand, fransk statsleiar
- 1979: Klaus Egge, norsk komponist og musikkritikar
- 1999: Stanley Kubrick, USA-amerikansk filmskapar
- 2001: Inge Edler, svensk lege