Hopp til innhald

Abha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abha
أبها
by
Land  Saudi-Arabia
Region Asir
Høgd 2 400 moh.
Koordinatar 18°13′1″N 42°30′19″E / 18.21694°N 42.50528°E / 18.21694; 42.50528
Folketal 485 201  (2013)[1]
Folketettleik 485 201 / km²
Prins Faisal bin Khalid bin Abdul Aziz Al Saud
Tidssone EAT (UTC+3)
 - Sommartid EAT (UTC+3)
Kart
Abha
18°13′00″N 42°30′00″E / 18.216666666667°N 42.5°E / 18.216666666667; 42.5
Kart som viser Abha.
Kart som viser Abha.
Kart som viser Abha.
Wikimedia Commons: Abha

Abha (arabisk أبها, Abhā) er hovudstaden i provinsen Asir i Saudi-Arabia. Han ligg 2 200 meter over havet i dei frodige fjella sørvest i Saudi-Arabia, nær Asir nasjonalpark. På grunn av det milde klimaet i Abha er staden eit populært turistmål for saudiarabarane.

Historie og arkitektur

[endre | endre wikiteksten]

Abha var hovudstaden for prinsen av Asir, Ibn Ayde, under Det osmanske riket fram til fyrste verdskrigen.[2] I 1918 kom prinsen av Asir, Yahya bin Hasun Al Ayde som var barnebarnet til Ibn Ayed, attende til familietrona som vart erobra i Abha med fullt sjølvstende. I 1920 slo Asir seg saman med Ibn Saud under samlinga av Saudi-Arabia.

Det finst fleire historiske stader i regionen, som fort og festningar. Festningar på toppen av åsar er eit kjenneteiknfor Abha.[2] Sjølve byen er delt inn i fire kvarter der det største inneheld ein festning. Shadda-slottet, som blei bygd i 1927, er no eit museum som huser lokalt handverk og bruksgjenstandar.[3] Andre større bygningar i Abha er den store moskeen i byen,[3] Al-Tahy-restauranten[4] og Abha Palace Hotel.[3]

Samferdsle

[endre | endre wikiteksten]

Det går ein kystveg frå Jidda til Abha, som stod ferdig i i 1979.[2]

Abha regionale lufthamn (arabisk: مطار أبهـــا, IATA: AHB[3], ICAO: OEAB) er den største flyplassen ved Abha. Det går internasjonale ruter til Jemen (Sana'a), Egypt (Kairo), Doha (Qatar) og Emiratane (Dubai, Sharjah), i tillegg til andre stader i Saudi-Arabia.

Abha lufthamn vart teinkna av nederlendarar og bygginga byrja i 1975 og dei første flygingane byrja i 1977.

Abha

Abha ligg sør i regionen Asir i ei høgd på 2270 meter over havet. Abha ligg vest i Hijazfjella,[2] nær Jabal Sawda, som av somme vert hevda å vere det høgaste fjellet i Saudi-Arabia.

Klimaet i Abha er kjølig og halvtørt (Köppen: BSk)[5] og er påverka av høgda byen ligg i.[6] Veret i byen er generelt mildt året gjennom, men vert kjøligare om vinteren. Abha har sjeldan temperaturar over 35 °C. Byen får i snitt 278 mm nedbør i året, og det meste kjem mellom februar og april, med ei mindre regntid i juli og august.

Den høgaste temperaturen som er målt er 40 °C den 25. august 1983, medan den lågaste er -2 °C on 29. desember 1983.[7]

Vêrdata for Abha i Saudi-Arabia
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 31 31 34 34 38 37 39 40 38 34 33 30 40
Gjennomsnittleg maks °C 18,6 19,3 21,3 24,1 26,6 29,7 28,6 28,4 27,6 24,3 21,4 19,2 24,1
Døgnmiddeltemperatur °C 12,7 13,4 15,5 17,5 19,8 22,4 22,1 22,2 20,2 17,1 14,4 12,5 17,5
Gjennomsnittleg min °C 6,8 7,6 9,8 11 13 15,1 15,6 16 12,8 9,9 7,4 5,8 10,9
Lågast målte °C 0 −1 −1 1 4 9 7 7 7 0 1 −2 −2
Gjennomsnittleg nedbør mm 18 46 59 59 18 5 19 32 6 2 7 7 278
Gns. dagar med regn 2 2 3 4 4 2 3 4 1 1 1 1 28
Kjelde: Climate-Data.org, høgd 2241m,[5] Weather2Travel for regndagar og soldagar[8]Voodoo Skies for temperaturrekordar[7]


  1. «Saudi-Arabia: largest cities and towns and statistics of their population». World Gazetteer. Arkivert frå originalen 8. desember 2011. Henta 21. mai 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Hoiberg, Dale H., red. (2010). «Abhā». Encyclopedia Britannica. I: A-ak Bayes (15th utg.). Chicago, IL: Encyclopedia Britannica Inc. s. 30. ISBN 978-1-59339-837-8. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Ham, Anthony; Shams, Martha Brekhus; Madden, Andrew (15 September 2004). Saudi Arabia. Lonely Planet. s. 129. ISBN 978-1-74059-667-1. Henta 27 August 2012. 
  4. Walker, Jenny; Butler, Stuart (1 October 2010). Oman, UAE & Arabian Peninsula. Lonely Planet. s. 336. ISBN 978-1-74179-145-7. Henta 27 August 2012. 
  5. 5,0 5,1 «Climate: Abha - Climate graph, Temperature graph, Climate table». Climate-Data.org. Henta 21. mai 2016. 
  6. Mays, Larry (10. april 2009). Integrated Urban Water Management: Arid and Semi-Arid Regions: UNESCO-IHP. CRC Press. s. 46. ISBN 978-0-415-45348-6. Henta 21. mai 2016. 
  7. 7,0 7,1 «Abha i Saudi-Arabia». Voodoo Skies. Henta 21. mai 2016. 
  8. «Abha Climate and Weather Averages i Saudi-Arabia». Weather2Travel. Henta 25. november 2013. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Abha
Reiseguide for Abha frå Wikivoyage