Hopp til innhald

Al-Khobar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Khobar)
Al-Khobar
by
Land  Saudi-Arabia
Provins Austprovinsen
Del av Khobar governorate
Koordinatar 26°17′N 50°12′E / 26.283°N 50.200°E / 26.283; 50.200
Areal 571 km²
Folketal 941 358  (2012)
 - by 4 140 000
Grunnlagd 1940-åra
Borgarmeister Sulaiman Althunayyan
Borgarmeister Saud bin Nayef AL Saud
Postnummer (31952)
Retningsnummer +966-13
Kart
Al-Khobar
26°18′00″N 50°13′00″E / 26.3°N 50.216666666667°E / 26.3; 50.216666666667
Kart som viser Al-Khobar.
Kart som viser Al-Khobar.
Kart som viser Al-Khobar.
Wikimedia Commons: Khobar
Nettstad: e-amana.gov.sa

Al Khobar (òg skrive Khobar eller al-Khubar; arabisk الخبر) er ein stor by i Austprovinsen i Saudi-Arabia ved kysten av Persiabukta. Han er ein av dei største byane i Golfrådet, med eit folketal på 941 358 i 2012. Al Khobar er ein del av Dammam storbyområdet i lag med Dammam og Dhahran, og i lag dannar dei det tredje største storbyområdet i Saudi-Arabia med eit estimert folketal på over 4 100 000 i 2012. Stor-Dammam omfattar òg fleire mindre byar som Al Qatif, Safwa og Ras Tanura, som medverkar til eit samla folketal på 5 212 000 i 2012. Alle dei tre bysentera vert tente av King Fahd internasjonale lufthamn, som er den største flyplassen i verda. Avstanden til flyplassterminalen frå Khobar er kring 50 km. I lag vert Al Khobar, Dhahran og Dammam ofte kalla «Trippelbyane» av saudiarabarane. Sidan Dammam, Dhahran og Al Khobar ligg mindre enn 15 km frå kvarandre, dannar dei i røynda eit samanhengande storbyområde, som er det femte største i kongedømet og det sjette i Golfrådet-landa.

Dammam storbyområde, eller ofte berre Stor-Dammam, er storbyområdet kring byen Dammam og forstadane. Dette området er nært knytt til byen gjennom samfunnsmessige, økonomiske og kulturelle band. Dammam storbyområde er det største storbyområdet i Austprovinsen. Området omfattar eit variert landskap, parkar og strender langs Persiabukta.

Mange av innbyggjarane i Al Khobar arbeider for Saudi Aramco, det største oljeselskapet i verda, og Al Khobar mange regionale og internasjonale selskap har kontor i byen. Tradisjonelt har Khobar vore ein by med kjøpmenn og handelsfolk, og byen har i dag mange moderne kjøpesenter og bulevardar med butikkar drivne av internasjonale kjeder og restaurantar.

Al Khobar er i dag eit travelt, økonomisk senter med mange skyskraparar. Den nærliggande byen Dammam har den nest største hamna i Saudi-Arabia og har dei administrative organa i Austprovinsen.

I tidlege tider var Khobar ein liten hamneby ved kysten av Persiabukta, ein fiskelandsby som hovudsakleg var busett av folk frå Al Dossary-stamma. Då det vart oppdaga olje i 1930-åra, vart han omgjort til eit stort kommersielt senter og ei industrihamn. I moderne tider har den større hamna i Dammam teke over det meste av den kommersielle skipsaktiviteten i Austprovinsen, og olje vert eksportert via hamna til Saudi Aramco i Ras Tanura. Khobar er derfor omgjort og strekkjer seg langs sjøsida ved Persiabukta med parkar, restaurantar og familiestrender.

I 1996 vart Khobar Towers, eit bustadkompleks for US Air Force bomba av militante, og 19 amerikanske tenestemenn og ein saudiarabar mista livet.

Samferdsle

[endre | endre wikiteksten]

Khobar vert tent av King Fahd internasjonale lufthamn nordvest for Dammam. Køyreavstanden frå terminalen til Khobar er 58 km.

Infrastruktur

[endre | endre wikiteksten]

Al Khobar er knytt til dei store motorvegane i regionen, som Dhahran-Jubail-vegen. Dhahran-Dammam-vegen og Khobar-Dammam-vegen, som går mellom Khobar og Dammam. I Al-Khobar startar òg King Fahd-vegfyllinga, som knyter Saudi-Arabia til Bahrain. Al Khobar har òg eit vasstårn som er eit kjent landemerke på eit menneskeskapt halvøy ved sjøsida.

Den første skulen i Khobar vart grunnlagd i 1942. I dag har Khobar meir enn 100 offentlege og private utdanningsinstitusjonar. Den internasjonale indiske skulen, (CBSE) er ein av dei største indiske skulane i verda, med meir enn 17 000 elevar.

Al-Khobar er ein yrande by med mange forskjellige livsstilssenter og kjøpesenter. Byen er òg kjend for vegen som er hogd ut i fjellet (Prins Turki-gata) der det ligg fleire internasjonale og lokakle restaurantar, kafear og butikkar. Mange utlendingar arbeider i Khobar, og dei bur ofte i eigne, inneslutta område.

Khobar har ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering: BWh),[1] med særs varme og fuktige somrar, og milde, tørre vintrar.

Årsmiddeltemperaturen er 33 °C på dagtid og 22 °C om natta. I januar, som er den kaldaste månaden, varierer temperaturen frå 12 til 22 °C om dagen til 3 til 18 °C om natta. I juni, som er den varmaste månaden, varierer temperaturen typisk frå 36 til 50 °C om dagen til kring 33 °C om natta. Generelt varer sommaren i kring seks månader, frå mai til oktober. To månader, april og november, er overgangsperiodar, og temperaturen kan stundom nå opp i 48 °C ii denne tida. Desember, januar og februar er dei kjøligaste månadene.