Alexander Kielland
- For plattformulukka, sjå «Alexander L. Kielland»-ulukka.
Alexander Kielland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. februar 1849 Stavanger kommune |
Død |
6. april 1906 (57 år) |
Yrke | forfattar |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Far | Jens Zetlitz Kielland |
Born | Beate Kielland, Jens Zetlitz Kielland |
Alexander Kielland på Commons |
Alexander Lange Kielland (18. februar 1849–6. april 1906), vart fødd og voks opp i Stavanger og døydde i Bergen. Kielland var ein av dei mest kjende forfattarane i Noreg på 1800-talet. Saman med Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson og Jonas Lie vert han rekna som ein av «dei fire store» i norsk litteratur.
Han høyrde til ei av dei eldste handelsslektene i Stavanger, slekta Kielland. I oppveksten var han del av ein av dei mest velståande heimane i byen. Som gut gjekk han på Stavanger Katedralskole. Han likte seg dårleg på skulen, trass i at han var skuleflink. Han utdanna seg til jurist, og kjøpte eit teglverk på Madla ved Stavanger som han dreiv til 1881. I denne tida fekk han god kjennskap til praktisk forretningsliv. I tillegg fekk han eit innblikk i arbeidarane sine vanskelege levekår.
Kielland debuterte i 1879 med Novelletter, ei samling av korte noveller. Året etter skreiv han sin fyrste roman, Garman & Worse. Han skreiv i ein realistisk, samfunnskritisk stil, og kritiserte autoritetar i samfunnet. I Skipper Worse (1882) gjekk han til åtak på religiøs fanatisme, og i Gift (1883) kritiserte han skuleverket og kyrkja. I tillegg kom han inn på tema som embetsstand, ekteskap og klasseskilje.
Frå 1893 til 1902 var Kielland borgermeister i Stavanger. Kielland fekk i september 1902 embetet som amtmann i Romsdals amt, med hovudsete i Molde. Mellom anna skreiv han fleire rapportar etter bybrannen i Ålesund i 1904. Han sat i embetet til han døydde i 1906.
Målarinna Kitty Kielland var systera til Alexander Kielland. Forfattaren og journalisten Axel Kielland var barnebarnet hans.
Utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- Paa Hjemveien (drama) 1878
- Novelletter (kortprosa) 1879
- Garman & Worse (roman) 1880
- Nye Novelletter (kortprosa) 1880
- For Scenen. Tre Smaastykker (drama) 1880
- Arbeidsfolk (roman) 1881
- Else (roman) 1881
- Skipper Worse (roman) 1882
- To Novelletter fra Danmark (kortprosa) 1882
- Gift (roman) 1883
- Fortuna (roman) 1884
- Sne (roman) 1886
- Tre Par (drama) 1886
- Sankt Hans Fest (roman) 1887
- Bettys Formynder (drama) 1887
- Professoren (drama) 1888
- Forsvarssagen (essaysamling) 1890
- Jacob (roman) 1891
- Mennesker og Dyr (essaysamling) 1891
- Omkring Napoleon (essaysamling) 1905
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Bustadplattforma «Alexander L. Kielland», oppkalla etter forfattaren
- Alexander L. Kielland- ulukka, ei ulukke i 1980 med bustadplattforma Alexander L. Kielland. Ulukka vert ofte omtala som Kielland-ulukka.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Obrestad, Tor: Sannhetens pris : Alexander Kielland : en beretning, Oslo 1996. ISBN 82-02-13013-1
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Alexander Kielland på Wikikilden (frie originaltekstar) |
- Alexander L. Kielland 150 år Nettutstilling frå Nasjonalbiblioteket
- Kielland-biografi og tidstavle Arkivert 2004-10-26 ved Wayback Machine.
- Tekstsamling
- Litteratur om Kielland og tekstsamling Prosjekt Runeberg