Anapa
Anapa Анапа | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Krasnodar kraj | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1781 1846 | ||||
Borgarmeister | Anatoli Pakhomov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
40 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
55 740 1 393,5 /km² | ||||
Koordinatar | 44°53′00″N 37°19′00″E / 44.88333°N 37.31667°E | ||||
Høgd over havet | 20 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 353417–353457 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)86133 | ||||
Nettstad: www.anapa-official.ru |
Anapa (russisk Ана́па) er ein by i Krasnodar kraj i Russland med om lag 55 000 innbyggjarar (2008). Han ligg ved Svartehavet, rundt 130 km vest for Krasnodar.
Byen er ein ferie- og rekreasjonsstad med mange kurstader og hotell. Saman med Sotsji og fleire andre byar langs den russiske svartehavskysten har han vorte langt meir populær etter oppløysinga av Sovjetunionen, som etterlet tradisjonelle sovjetiske feriebyar på Krim og i republikken Abkhasia i Georgia på andre sida av grensa.
Området rundt Anapa har vore busett sidan antikken. Han var først ei viktig hamn (Sinda) og seinare hovudstad i Sindica. Kolonien Gorgippia vart bygt på same stad som Sinda på 600-talet f.kr. av grekarar som kalla opp byen etter ein konge av Bosporus. På 200- og 100-talet f.kr. blømde Gorgippia med skipseigarane her frå som kontrollerte sjøtrafikken i den austlege delen av Svartehavet. Gorgippia eksisterte til 300-talet, då han vart herja av nomadiske stammer. Desse stammene gav Anapa det noverande namnet. Byen vart seinare erobra av Det osmanske riket, som bygde ei festning her i 1791. Festninga vart fleire gonger angripe av Russland og vart nesten fullstendig øydelagd under den siste omleiringa i 1829.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Informasjonsnettstad for Anapa (russisk)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Anapa» frå Wikipedia på bokmål, den 18. januar 2009.