Hopp til innhald

Anina

Koordinatar: 45°5′30″N 21°51′12″E / 45.09167°N 21.85333°E / 45.09167; 21.85333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anina
Jernverket i Anina
Jernverket i Anina
Jernverket i Anina
Byvåpenet til Anina
Byvåpenet til Anina


Plassering
Anina is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Caraș-Severin
Borgarmeister Gheorghe Românu
Geografi
Flatevidd
 - By

145,53 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2021)
   - folketettleik

5 521
  37,9 /km²
Koordinatar 45°5′30″N 21°51′12″E / 45.09167°N 21.85333°E / 45.09167; 21.85333
Høgd over havet 556 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 325100
Nettstad: www.primaria-anina.ro

Anina (uttalt 'anina; tysk Steierdorf, ungarsk Stájerlakanina) er ein by i den historiske regionen Banat i Romania, i Caraș-Severin fylke.[2] Byen administrerer ein landsby, Steierdorf (tysk Steierdorf, ungarsk Stájerlak). Byen har 7 485 innbyggjarar (2011).

Fortidsfunn

[endre | endre wikiteksten]

I 2002 blei det funne nokre av dei eldste delane av menneske i Europa i grottane Peștera cu Oase nær Anina. Restane av ein underkjeve som fekk tilnamnet Ion din Anina (Johannes av Anina) er kring 40 000 år gamle.

Anina er ein av dei viktigaste funnstadane for fossil frå juratida i Dei sørlege Karpatane, både av plantar og dyr, og den geologiske arven her er særleg mangfaldig og velbevart.[3][4][5] Den paleontologiske arva blei mellom anna avdekka ved at det er eit gruveområde, med både underjordiske og opne gruver, slik at ein har kunna utføra tredimensjonale undersøkingar av kontinentale avleiringar. Dette var eit eineståande høve i Europa og i verda, fram til den siste store gruva blei stengd i 2006.

Den industrielle arven frå kolgruvedrifta er òg viktig i samband med austerriksk industriarkitektur og gruver som er bevarte, t.d. den nordlege gruva (Anina Pit I), Pit II, Pit IV (ved sida av Terezia-dalen). Kolgruvedrifta byrja i 1792, etter at Matthew Hammer oppdaga dei fyrste kollaga.

Utsikt frå Oravița-Anina-fjellbanen i 2010

Anina-Oravița-jernbanen, som blei bygd i 1863, er i bruk i dag til turistformål. Han er rekna som ein av dei venaste jernbanane i Europa på grunn av det måleriske landskapet, viaduktar og lange tunnellar. Jernbanen har bevart mange aspekt av den opphavlege designen. Han oppfyller ikkje mange UIC-standarder, og treng særskilde, kraftigare lokomotiv og kortare togvogner for å kunne køyra.

Anina ligg mellom nasjonalparkane Cheile Nerei-Beușnița og Semenic-Caraș.

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]
Kommunen Anina innanfor Caraș-Severin fylke

Anina er ein oraș (mindre bykommune) med desse busetnadane:

Folketal 2011[6] Folketal 2021[1]
Anina 5 744 4 383
Steierdorf 1 741 1 138

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023. 
  2. «Anina 2017, orașul mort, uitat și sărăcit odată cu închiderea minei». Arkivert frå originalen 5. november 2022. Henta 1. februar 2023. 
  3. Trinkaus, E.; Moldovan, O.; Milota, Ș.; Bîlgăr, A.; Sarcina, L.; Athreya, S.; Bailey, S. E.; Rodrigo, R.; et al. (2003). «An early modern human from Peștera cu Oase, Romania». PNAS 100 (20): 11231–11236. Bibcode:2003PNAS..10011231T. PMC 208740. PMID 14504393. doi:10.1073/pnas.2035108100. 
  4. Fu Q. et al., "An early modern human from Romania with a recent Neanderthal ancestor", Nature 524, 216–219 (13 August 2015), doi:10.1038/nature14558.
  5. Wilford, John Noble (2. november 2011). «Fossil Teeth Put Humans in Europe Earlier Than Thought». New York Times. Henta 19. april 2012. 
  6. «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente ('Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar')». Institutul Național de Statistică ('Det nasjonale instituttet for statistikk'). 31. oktober 2011. Henta 14. februar 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Anina