Aynsley Dunbar
Aynsley Dunbar | |||
| |||
Fødd | 10. januar 1946 (78 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Liverpool i England | ||
Fødenamn | Aynsley Thomas Dunbar | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1961 til i dag | ||
Sjanger | Hardrock, bluesrock, progressiv rock, glamrock, jazz, blues, jazzfusion, heavy metal | ||
Instrument | trommer, perkusjon | ||
Tilknytte artistar | The Jeff Beck Group, David Bowie, Frank Zappa, UFO, Whitesnake, Journey, Jefferson Starship, Lou Reed, John Mayall & the Bluesbreakers, Sammy Hagar, Jake E. Lee | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar | ||
Gift med | Wendy Walters |
Aynsley Thomas Dunbar (fødd 10. januar 1946) er ein engelsk trommeslagar. Han har arbeidd med nokre av toppartistane i rocken, som John Mayall, Frank Zappa, Ian Hunter, Lou Reed, Jefferson Starship, Jeff Beck, David Bowie, Whitesnake, Sammy Hagar, UFO og Journey.[1] Dunbar er av Rolling Stone rangert som den 27. beste trommeslagaren gjennom tidene.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Dunbar vart fødd i Liverpool i England. Han prøvespelte for The Jimi Hendrix Experience og Hendrix hadde vanskar å velje mellom Dunbar og Mitch Mitchell, men det var sistnemnde som vann etter at Hendrix kasta mynt.
Dunbar leia Aynsley Dunbar Retaliation som gav ut fleire album. Dunbar var medlåtskrivar på «Warning», spelt inn av Black Sabbath på debutalbumet deira. Dunbar-versjonen vart spelt inn i 1967 for soloutgjevinga hans på The Aynsley Dunbar Retaliation.
Dunbar starta så eit kortvarig progrockband kalla Blue Whale, som debuterte med ein turne i Skandinavia i januar 1970. Etter at den opphavlege besetninga i King Crimson kollapsa, prøvde Dunbar utan hell å få tak i Robert Fripp som gitarist i Blue Whale. Fripp, prøvde så, òg han utan hell, å hyre Dunbar som den nye trommeslagaren i King Crimson.
Dunbar spelte seinare trommer for Frank Zappa sitt Mothers of Invention, og spelte på album som Waka/Jawaka og The Grand Wazoo, samt i filmen 200 Motels. I 1974 spelte han på filmmusikken til Dirty Duck, ein animasjonsfilm for vaksne av Chuck Swenson. Midt i 1970-åra spelte Dunbar trommer for tidlegare Grin-leiar, Nils Lofgren, før han vart med i Journey for dei første fire albuma deira. Han forlet dei og vart med i Jefferson Starship for tre album. I 1985 vart Dunbar med Whitesnake og spelte trommer albumet deira Whitesnake. Han har òg spelt trommer for Eric Burdon og The Animals.
I nyare tid har han spelt trommer på Jake E. Lee-albumet Retraced (2005).
Han har vore trommeslagar for World Classic Rockers sidan 2003.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Med Aynsley Dunbar Retaliation
[endre | endre wikiteksten]- The Aynsley Dunbar Retaliation (1968)
- Doctor Dunbar's Prescription (1969)
- To Mum, From Aynsley & The Boys (1969)
- Remains To Be Heard (1970)
Aynsley Dunbar
[endre | endre wikiteksten]- Mutiny (2008)
Med Blue Whale
[endre | endre wikiteksten]- Blue Whale (1971)
Med John Mayall & Bluesbreakers
[endre | endre wikiteksten]- A Hard Road (1967)
- Looking Back (1969)
- So Many Roads (1969)
- Thru The Years (1971)
Med Frank Zappa
[endre | endre wikiteksten]- Chunga's Revenge (1970)
- Fillmore East - June 1971 (1971)
- 200 Motels (1971)
- Just Another Band from L.A. (1972)
- Waka/Jawaka (1972)
- The Grand Wazoo (1972)
- Apostrophe (') (1974)
- Playground Psychotics (1992)
- Joe's Domage (2004)
Med David Bowie
[endre | endre wikiteksten]- Pin Ups (1973)
- Diamond Dogs (1974)
Med Lou Reed
[endre | endre wikiteksten]- Berlin (1973)
Med Mick Ronson
[endre | endre wikiteksten]- Slaughter on 10th Avenue (1974)
- Play Don't Worry (1975)
Med Nils Lofgren
[endre | endre wikiteksten]- Nils Lofgren (1975)
- Cry Tough (1976)
Med Ian Hunter
[endre | endre wikiteksten]- All American Alien Boy (1976)
Med Paul Kantner
[endre | endre wikiteksten]Med Journey
[endre | endre wikiteksten]- Journey (1975)
- Look into the Future (1976)
- Next (1977)
- Infinity (1978)
Med Sammy Hagar
[endre | endre wikiteksten]- Nine on a Ten Scale (1976)
Med Jefferson Starship
[endre | endre wikiteksten]- Freedom at Point Zero (1979)
- Modern Times (1981)
- Winds of Change (1982)
Med Whitesnake
[endre | endre wikiteksten]- Whitesnake (1987)
- 1987 Versions (1987)
Med Ronnie Montrose
[endre | endre wikiteksten]- The Diva Station (1990)
Med UFO
[endre | endre wikiteksten]Med Jake E. Lee
[endre | endre wikiteksten]- Retraced (2005)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Aynsley Dunbar» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Huey, Steve. «Biography: Aynsley Dunbar». Allmusic. Henta 4. mai 2011.