Hopp til innhald

Hughie Flint

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hughie Flint
Fødd15. mars 1941 (83 år)
FødestadManchester
OpphavStorbritannia
Instrumenttrommesett
Verka somtrommeslagar

Hughie Flint (fødd 15. mars 1940 i Manchester) er ein engelsk trommeslagar, kjend for tida han spelte i John Mayall & the Bluesbreakers. I 1970-åra spelte han i si eiga gruppe, McGuinness Flint og seinare i The Blues Band.

Flint spelte av og på i The Bluesbreakers i fem år og deltok på albuma John Mayall Plays John Mayall (1965) og Blues Breakers with Eric Clapton (1966). Flint spelte så i lag med Alexis Korner og Savoy Brown, medan han vart erstatta hos Mayall av Aynsley Dunbar.[1][2]

I 1970 skipa Flint McGuinness Flint med Tom McGuinness, tidlegare gitarist og bassist i Manfred Mann.[3] Dei nådde andreplassen på UK Singles chart med «When I'm Dead And Gone», som vart følgd opp i 1971 av ein ny hitsingel, «Malt and Barley Blues», som nådde femptelassen. Dei gav òg ut eit album i 1970. Bandet vart oppløyst i 1975. Flint spelt med Bonzo Dog Band frå 1971 til det siste albumet deira, Let's Make Up And Be Friendly.[4]

I 1977 var Flint trommeslagar og bodhránspelar på albumet Suburban Ethnia av bandet Chanter.

Flint spelte så i The Blues Band, ei supergruppe med mellom andre Dave Kelly, Gary Fletcher, McGuinness og andre Manfred Mann-medlemmar og songaren Paul Jones. Debutalbumet deira, The Official Bootleg Album, kom ut i 1980.

Flint har òg spelt på plate med Georgie Fame, Jack Dupree og Tom Newman.

  1. Rees, Dafydd; Luke Crampton (1991). Rock movers & shakers (Revised utg.). ABC-Clio Inc. s. 329. ISBN 978-0-87436-661-7. 
  2. Larkin, Colin (1995). The Guinness Encyclopedia of Popular Music (2. utg.). Guinness World Records Limited. ISBN 978-1-56159-176-3. 
  3. Rees, Dafydd; Luke Crampton (1991). Rock movers & shakers (Revised utg.). ABC-Clio Inc. s. 324. ISBN 978-0-87436-661-7. 
  4. Rees, Dafydd; Luke Crampton (1991). Rock movers & shakers (Revised utg.). ABC-Clio Inc. s. 61. ISBN 978-0-87436-661-7.