Hopp til innhald

Boris Tadić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boris Tadić
Борис Тадић

President i Serbia
Periode11. juli 2004–5. april 2012
Fullt namnBoris Tadić
(serbisk Борис Тадић)
TitlarPresident i Serbia
PartiDet demokratiske parti, Social Democratic Party
Fødd15. januar 1958
FødestadSarajevo
MorNevenka Tadić
FarLjubomir Tadić
FøregangarPredrag Marković
EtterfølgjarSlavica Đukić Dejanović

Boris Tadić (fødd 15. januar 1958) er ein serbisk politikar fødd i i Sarajevo. Han var vore president i Serbia frå 2004 til 2012.

Tadić leiar det vest-orienterte sosialdemokratiske partiet Demokratska stranka (Det demokratiske partiet). I første omgang av presidentvalet 13. juni 2004 kom han på andre plass med 27,3 % av røystene, bak den nasjonalistiske kandidaten Tomislav Nikolić. I andre valomgang 27. juni vann han med 53,2 % av røystene.

Tidleg liv og familie

[endre | endre wikiteksten]

Han studerte sosialpsykologi i Beograd, og underviste ved eit gymnasium i byen seinare. Etter dette grunnla han og blei den første direktøren for Senteret for demokrati og politiske ferdigheiter.

Tadić er gift og har to born.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.