Enevold Høyum
Utsjånad
Enevold Høyum | |||
| |||
Fødd | 15. mai 1775 Sauherad | ||
---|---|---|---|
Død | 24. januar 1830 (54 år) | ||
Statsborgar av | Norsk | ||
Parti | Sjølvstendepartiet | ||
Yrke | politikar, offiser | ||
Verv | Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll | ||
Alle verv |
Enevold Steenbloch Høyum (15. mai 1775–24. januar 1830) var ein norsk offiser, gardbrukar og eidsvollsmann.
Høyum var frå Sauherad i Telemark. Han var son av ein oberst, og gjekk sjølv i militær teneste. I 1794 vart han fenrik i Telemarkske infanteriregiment. Han avanserte etter kvart i gradene, vart kaptein i 1809. År 1814 vart han skikka til sjef over 1. divisjon av regimentet sin «marcherende depotbatalion» i Drammen. Fire år seinare tok han avskjed.
Høyum deltok i riksforsamlinga på Eidsvoll som 1. utsending frå Telemarkske infanteriregiment. Han røysta med sjølvstendepartiet.[1]
Etter han gjekk ut av aktiv militær teneste dreiv han den tidlegare futegarden Søve i Holla. Høyum hadde gifta seg til garden, og døydde der i 1830.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Envold Steenblock Høyum (1775-1830)». Eidsvoll 1814. Henta 20. november 2015.
- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Enevold Høyum NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv