Syvert Omundsson Eeg
Utsjånad
Syvert Omundsson Eeg | |||
Fødd | 1757 Søgne | ||
---|---|---|---|
Død | 20. november 1838 (81 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Unionspartiet | ||
Yrke | Gardbrukar | ||
Verv | Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll | ||
Alle verv |
Syvert Omundsson Eeg (1757–20. november 1838) var ein norsk gardbrukar, skipper og eidsvollsmann frå Søgne i Vest-Agder.
Eeg var son av ein gardbrukar og los. Han tok over farsgarden og dreiv elles i kystfart. I 1814 var han utsending frå Mandals amt saman med gardbrukarane Osmund Andersson Lømsland og Erik Haagensen Jaabæk til riksforsamlinga på Eidsvoll.
Eeg stemte med unionspartiet. Han døydde i Søgne i 1838.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Syvert Omundsson Eeg NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Syvert Omundsson Eeg frå Eidsvoll 1814