Epigon
Epigon, frå epigonane gresk epigonoi d.e. 'etterkommarar' av epi, 'etter', og gonos, 'fødsel') er i greske segner sønene av dei sju hovdingane som under leiing av Adratos og Polyneikes fall i striden mot Tebai. Ti år etter nederlaget gjorde desse sønene eit nytt felttog, og øydela byen. Desse epigonane var
- Alkmaion og Amphilochos, søner av Amphiaraos
- Aigialeus, son av Adrastos
- Diomedes, son av Tydeus
- Promachos, son av Parthenopaios
- Sthenelos, son av Kaponeus
- Thersandros, son av Polyneikes
- Euryalos, son av Mekisteus.
Dette felttoget inspirerte tidleg grekarane til episk dikting, og epigonane vart avbilda på støtter i tempelet i Delphi.
Sidan vart nemninga epigonane nytta om kongane som etterfølgde Alexander den store.
Moderne tyding
[endre | endre wikiteksten]Innan vitskap, kunst og litteratur vert ordet epigon nytta om ein personar som etterliknar store førebilete utan sjølv å greie å skape noko nytt. Omgrepet «drive epigoneri» er òg nytta meir avgrensande om personar som dreg nytte av det som er skapt av personar i tidlegare slektsledd.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Nordisk familjebok (1881)
- Kristen Weierholt i Norsk Allkunnebok
- «Epigoner» i Kunnskapsforlaget Store norske leksikon
- «epigoneri» i Nynorskordboka.